Hopp til innhald

BIO304 Medisinsk laboratorieteknologi IV - Avanserte laboratorieanalysar

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Medisinsk laboratorieteknologi omhandlar prinsipp for ulike laboratorieanalysar og metodikk som anvendast i dei medisinske laboratoria på tvers av spesialitetar. For å gje studentane innsikt og forståing for medisinsk laboratorieteknologi byggjer emnet både på teori og praktiske laboratorieerfaringar. 

Medisinsk laboratorieteknologi IV - Avanserte laboratorieanalyser omhandlar fylgjande tema: 

  • Molekylærbiologiske analyser 
  • Kromatografi 
  • Massespektrometri 
  • Atomspektroskopi 
  • Nukleærmedisin 
  • Biobank

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har studenten fylgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:  

Kunnskap 

Studenten 

  • Kan forklare prinsipp for ulike molekylærbiologiske metodar, gje dømer på når ein anvender desse i medisinske laboratorieanalyser og vurdere fordelar og ulemper ved dei ulike metodane. 
  • Kan forklare prinsipp for ulike seperasjonsteknikkar, gje døme på når ein nyttar desse i medisinske laboratorieanalyser og vurdere fordeler og ulemper ved dei ulike metodane. 
  • Kan forklare prinsipp for atomspektroskopi- og massespektrometri - analyser, gje dømer på når ein nyttar desse i medisinske laboratorieanalyser og vurdere fordeler og ulemper ved dei ulike metodane. 
  • Kan forklare prinsipp for arbeid ved framstilling av radioaktive reagensar i nukleærmedisin og kjenner til når ein utfører desse prosedyrene innen medisinsk behandling. 
  • Kan forklare grunnleggjande begrep og lovverk for biobank.

Ferdigheiter 

Studenten 

  • Kan sjølvstendig utføre laboratorieanalyser etter gitte prosedyrer 
  • Kan anvende ulike teknikkar, utstyr og instrumentering innan medisinske laboratorieanalysar 
  • Kan vurdere analyseresultat og analysekvalitet 
  • Bidrar i diskusjon om utvikling av metode og metodevalg 
  • Kan presentere metodikk og analyseresultat ved hjelp av ulike presentasjonsformer 

Generell kompetanse 

Studenten 

  • Syner analytisk og kritisk tenkning 
  • Kan arbeide både sjølvstendig og i grupper 
  • Har evne til kommunikasjon og presentasjon 

Krav til forkunnskapar

Tilsvarende krav til opptak til tredje studieår som definert i studieplan for bioingeniørstudiet. 

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta ulike undervisningsformer i emnet: Førelesingar, kortfilm (e-læring), digitale testar og oppgåver, problembasert læring og diskusjonar i grupper. Studentane får rettleing i praktisk laboratoriearbeid, i ulike dataanalyser, ved vurdering av analyseresultat og av analysekvalitet. I tillegg får studentane tilbakemeldingar og rettleing frå undervisarar og medstudentar på  innleveringar og presentasjonar. 

Det vert krevd godkjende arbeidskrav både før studenten får gjennomføre laboratorieøvingar og i etterkant når laboratorieøvingane er gjennomført. Oppmøte til praktisk laboratoriearbeid  er obligatorisk og gjennomføring av laboratoriearbeidet må vere godkjent for å få vurdering i emnet.  

Omfang og tidspunkt for obligatorisk oppmøte til laboratorieøvingar og problembasert læring, innleveringar og presentasjonar vert presisert ved semesterstart. 

Den digitale læringsplattforma Canvas vert nytta i emnet. Studentane leverer arbeid på Canvas. Digitale læringsressursar er tilgjengeleg på nettsida ePraksis.no. 

Obligatorisk læringsaktivitet

  • 4-7 laboratorieøvingar   
  • Oppmøte til problembasert læring
  • Digitale kunnskapstestar 
  • Rapportar  
  • Presentasjonar 
  • Medstudent-vurdering

Godkjende arbeidskrav er gyldig i seks påfølgjande semester. 

Vurderingsform

Mappevurdering: 

Etter endt undervisning skal studenten levere to-tre av dei innleverte arbeidskrava til vurdering. Minst eit av arbeidskrava som vert levert til vurdering må vere eit individuelt arbeid. 

Tjuefire timar før frist for innlevering av vurderingsmappa, får studentane informasjon om hvilke arbeidskrav som skal leverast til vurdering.  Informasjon om innlevering og vurdering av vurderingsmappa blir opplyst på Studentweb og Wiseflow.  Dato for innlevering av vurderingsmappa vert oppgitt ved semesterstart. Vurderingsmappa leverast via den digitale vurderingsplattforma Wiseflow. 

Karakterskala A-F vert nytta, der F tilsvarer ikkje bestått. Det vert gjeve individuell karakter i emnet. Når individuelt arbeid og gruppearbeid vert vurdert til ulike karakterar, slik at heilheitlige vurdering fell mellom to bokstavkarakterar, vil det individuelle arbeidet vektleggjast ved endeleg karaktersetting.

Fagleg overlapping

  • BIO134 - Medisinsk laboratorieteknologi III - Reduksjon: 10 studiepoeng