Hopp til innhald

BSVD5-301 Tverrprofesjonell samarbeidslæring i praksis for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS) inneber at studentar skal arbeide tverrprofesjonelt med mål om forbetring av kvalitet i tenestane. Gruppene har 5 studentar i kvar gruppe. Høgskulen har ansvar for å inngå avtalar med ulike oppdragsgjevarar. Praksis er på 10 veker, inkludert førebuing og eksamen. I undervisninga vektlegges innføring i prosjektarbeid, tverrprofesjonell samarbeidslæring og organisasjonsteori.  Prosjektarbeidet skal utgjere 30 timar kvar veke, i tillegg har studentane ein studiedag i veka. Studentane skal utarbeida ein skriftleg prosjektrapport som er grunnlaget for munnleg eksamen. Det vert gitt tilbod om rettleiing på prosjektrapporten.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:

Kunnskap:

  • kunnskap om grunnlaget til tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS)
  • kunnskap om ulike profesjonar si rolle i tverrprofesjonell samarbeidslæring
  • kunnskap om forbetring av tenester i samarbeid med oppdragsgjevar, og kunne gjennomføre eit forbetringsarbeid i praksisfeltet
  • kunnskap om kva som kjenneteiknar formelle organisasjonar med særleg vekt på organisasjonar der ulike profesjonar arbeider saman. 

Ferdigheiter:

  • nytte prosjektarbeid som ein metode til å forbetre tenester, i samarbeid med andre profesjonar
  • vidareutvikle sin kompetanse i samhandling

Generell kompetanse:

  • planlegge og gjennomføre eit prosjekt som strekkjer seg over tid som deltakar i ei gruppe i samarbeid med oppdragsgjevar frå praksisfeltet

Krav til forkunnskapar

Alle emne frå første og andre studieår må vere greidd, og ein må ha opparbeid seg eksamensrett i emnet  VPD5-307 Kvalitet og forbetringsarbeid.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førpraksisseminar, prosjektarbeid, rettleiing, skriftlege og munnlege presentasjonar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere greidd for å kunne framstille seg til eksamen:

1. Deltaking på førpraksisseminar og i alle deler av prosjektarbeidet

2. Godkjent kontrakt for prosjektarbeidet (gruppe)

3. Innlevering av prosjektrapport i gruppe. Max 3500 ord. Prosjektrapporten dannar grunnlag for munnleg eksamen. Studentane stadfestar kvarandre sine bidrag i gruppa

Arbeidskrava er gyldige i påfølgande semester.

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen på bakgrunn av prosjektrapporten.

Vurderingsuttrykk:

Bokstavkarakter A-F. 

Ny eksamen:

Ved karakteren F må studenten gå opp til ny individuell munnleg eksamen. Dei kan arbeide vidare på prosjektrapporten.

Ved neste ordinære eksamen må praksis med emne takast på nytt. 

VURDERING UNDERVEGS- TVIL OM GODKJENNING

Studenten skal vise respekt for normer og reglar i arbeidslivet og opptre i samsvar med desse. Studenten har krav på vurdering undervegs i praksisstudiane, og skal halvvegs eller seinast 3 veker før avslutta praksisperiode få skriftleg melding dersom det oppstår tvil om godkjenning.

Om studenten i slutten av praksisperioden viser handling/åtferd som openbert ikkje gjev grunnlag for å bestå praksis, kan studenten likevel få karakteren ikkje greidd sjølv om tidlegare melding om tvil ikkje er gjeve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovlege hjelpemiddel på eksamen: prosjektrapport.

Meir om hjelpemiddel