FØS8201 Grøn destinasjonsutvikling
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Innhald og oppbygging
Emnet tek føre seg teoriar, teknikkar, prosessverktøy og metodar for å arbeide praktisk med berekraftig destinasjonsutvikling og heilskapleg reiselivsplanlegging. Emnet tek bl.a. føre seg overordna planlegging og utvikling i reiselivet, og kunnskap om og styringssystem og reiselivsorganisering for handtering av økonomiske, fysiske, miljømessige og kulturelle utfordringar knytt til reiselivsutvikling.
Emnet tek føre seg eit heilskapleg, berekraftig perspektiv på områdenivå (region/reisemål) og korleis lage ein reiselivsplan , prosessen kring det og kva interessentar som bør vere med.
Det vil bli nytta fleire døme frå merkeordninga til Innovasjon Norge for berekraftige reisemål som dessutan er akreditert av GSTC (Global Sustainable Tourism Council).
Fylgjande tema er sentrale i emnet:
- destinasjonsutvikling - metodar, analysar, verktøy og prosess
- reiselivsplanlegging- og utvikling (globalt/internasjonalt-, nasjonalt-, regionalt-, og lokalt nivå)
- marknadsføring av reisemål, både nasjonalt og internasjonalt
- innføring i prosjektutvikling, prosjekt- og prosesstyring i reiselivet (prosjektleiing)(PLP-metoden)
- organisering av reiselivet ¿ ulike nivå og funksjonar
- berekraftig reiselivsutvikling ¿ innhald og prinsipp. Ulike prinsipp og mål for berekraft
- miljømessige, sosiokulturelle, kulturelle og samfunnsmessige verknader av reiselivet
Læringsutbytte
Etter fullført emne vil:
Kunnskapar:
- studenten vite korleis og kvifor ein bør utvikle ein berekraftig destinasjon etter ein heilskapleg plan
- studenten ha kunnskap kring destinasjonars livssyklus
- studenten sjå utfordringar knytt til berekraftig destinasjonsutvikling og reiselivsplanlegging , både på bedriftsnivå men og på reisemålsnivå.
Ferdigheiter:
- studenten nytte prosessverktøy og metodar for oppstart, organisering og gjennomføring av berekraftige destinasjons- og reiselivsplanprosessar/-prosjekt
- studenten nytte undersøkings- og analyseverktøy for evaluering av reisemål
- studenten kunne nytte metodar og verktøy for implementering og gjennomføring av utviklingstiltak som produktutvikling/næringsutvikling på ulike reisemålsnivå
- studenten kunne nytte verktøy og metodar for å kunne setje i gong og arbeide med heilskapleg reisemålsutvikling av destinasjonar, kommunar og regionar til ein reiselivsplan.
Generell kompetanse
- studenten skal kunne starte og fullføre ein planprosess for reisemål.
- studenten skal kunne utvikle eit reisemål etter berekraftige prinsipp.
-
Tilrådde forkunnskapar
RE6-1000 Reiselivskunnskap
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gruppearbeid, sjølvsstudium, seminar, gjesteførlesingar og øvingsoppgåver.
Undervisninga vil i all hovudsak føregå via Internett.
Obligatorisk læringsaktivitet
Inntil 3 arbeidskrav.
Eit arbeidskrav er gyldig for alltid
Vurderingsform
Heimeksamen, ei veke (7 døgn) i gruppe på 1- 4 personer - vekting 100%.
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alt tillatt
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- RE6-1001 - Grøn destinasjonsutvikling - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- RE6-103 - Reiselivsplanlegging og berekraftig reiseliv - Reduksjon: 5,5 studiepoeng
- RE6-103 - Reisemålsutvikling - Reduksjon: 5,5 studiepoeng