Hopp til innhald

MSB208 Vitenskapeleg forskningsmetode

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Dette emnet blir innleidd med ein introduksjon til kva eigenskapar og status kunnskap har - i samfunnet generelt og i marknadsføringsforsking spesielt. Etter denne fasen går ein vidare inn på korleis ein kan tilnærme seg ulike typar kunnskap gjennom ulike metodiske tilnærmingar og metodar. Studentane vil deretter få lære korleis dei kan kome opp med idear til forskning, utvikle forskningsspørsmål og hypoteser og gjennomføre eit litteraturreview. Dei vil vidare lære korleis dei skal velgje forskningsdesign og metodar for datainnsamling, gjennomfører analyse og formidlar forskingsresultat. Emnet vil gi studentane kunnskap om korleis dei skal gjennomføre eit forskningsprosjekt og praktiske ferdigheter i forhold til det å skrive ei master oppgåve. Det er forventa at studentane deltek aktivt med presentasjonar og i diskusjonar.  

Hovudmål  

  • å gi studentane ei god forståing av akademisk og praktisk forsking. 
  • å gi studentane dei praktiske verktøya og ferdigheitene dei treng for å gjennomføre forskinga og presentere resultata.
  • å anvende kvalitative, kvantitative og/eller mixed data metoder

 

Dette kurset tek føre seg følgjande tema:

  • Forstå den vitskaplege tilnærminga til forsking og dei ulike stega i forskingsprosessen
  • Planlegge eit forskingsarbeid  - frå idestadiet til formulering av hypotesar
  • Metodologiske tilnærmingar og datainnsamlingsmetodar
  • Utvals- og målemetodar
  • Kvantitative undersøkingar, forskingsdesign og forskingsmetodar
  • Analyse og tolking av kvantitative data
  • Kvalitative undersøkingar, forskingsdesign og forskingsmetodar
  • Analyse og tolking av kvalitative data
  • Metodetriangulering, forskingsdesign og forskingsmetodar
  • Skrive ein forskingsrapport

Læringsutbytte

Kunnskap   

Etter avslutta emne vil studenten 

  • ha avansert kunnskap om hovudprinsippa for forskingsdesign, relevante metodar for datainnsamling og tolking av statistisk analyse. 
  • ha avansert kunnskap om kvalitative og kvantitative forskingsstrategiar.  
  • ha kunnskap om korleis skrive ein forskningsrapport 

  

Ferdigheiter 

Etter avslutta emne kan studenten 

  • analysere litteratur for å gjennomføre/skrive ein litteraturgjennomgang. 
  • grunngi kva som er eigna forskingsdesign i forskingsprosjekt. 
  • gjennomføre datainnsamling ved bruk av kritisk forskingsmetodikk. 
  • gjennomføre analysar ved hjelp av kvantitative og kvalitative forskingsmetodar.
  • tolke resultat frå statistisk analyse. 

  

Generell kompetanse 

Etter avslutta emne kan studenten 

  • lese, kritisere, forske, skrive og bruke kunnskap som er publisert i vitskapleg litteratur 
  • delta i forskingsprosjekt av større skala.
  • delta i konsulentarbeid om marknadsføringsstrategiar, innovasjonsnettverk og forbrukarval. 
  • formidle relevante emne til både spesialistar og ikkje-spesialistar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Greidd introduksjonsemnet i MSB101 Marknadsteori og praksis 

Undervisnings- og læringsformer

Undervisinga omfattar førelesingar og seminar. Problemløysing, diskusjon av artiklar og øvelsar i klassen, og innføring i anvendt programvare er viktige element i kurset. Det er forventa at studentane les anbefalt litteratur og at dei møter og deltek aktivt i seminara. Sjølvstudium og deltaking i organiserte seminar utgjer viktige delar av emnet. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskravet omfattar ei skriftlege oppgåve og éin munnleg presentasjon, begge i grupper på to personar. Ein må bestå arbeidskravet for å kunne ta eksamen i emnet. Førespurnader om å levere arbeidskrava individuelt må godkjennast av fagansvarleg.

Vurderingsform

Eksamen i to delar: 

  1. Individuell skriftleg eksamen, 5 timar (50 % av sluttvurderinga). 
  2. Éi semesteroppgåve (50 % av sluttvurderinga). Semesteroppgåva skal skrivast i ei gruppe på to personar.  

Karakterskalaen er A-F, der F er stryk. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Skriftleg eksamen: ingen hjelpemiddel. 

Semesteroppgåve: alt skriftleg og trykt materiell er tillate.

Meir om hjelpemiddel