NABP1004 Praksis I
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Innhold
Emnet er basert på 4 veker om bord i eit farty. I tida om bord er studenten mønstra som student, men får godkjent tida om bord som sertifikatgivande fartstid for søknad om dekksoffisersertifikat.
Om bord vil studenten i stor grad jobbe i eit internasjonalt miljø. På nokre farty kan studenten jobbe saman med ein eller fleire nordmenn, medan studenten på andre farty vil vere einaste nordmann om bord. Dette avheng av kva for farty reiarlaga har til disposisjon for praksisplassar. Det betyr at studenten må kommunisere på engelsk, som på svært mange skip er arbeidsspråket. Studenten må leve med og samhandla med kollegaer med ulik nasjonalitet og kulturell bakgrunn, og må vere medvitne om korleis ein kommuniserer og oppfører seg. I nokre tilfelle vil fartyet stort sett operere i norsk farvatn, men flere av fartya vil operere i internasjonalt farvatn og hamner.
Praksis I er det første av fire praksisemne i studieprogrammet, og praksisperioden vert i hovudsak retta inn mot familiarisering med skip, organisasjonen om bord og arbeidsoppgåver. Dette vil setjast saman med perspektiva frå emne gjennomført i første semester, og legg grunnlaget for vidare arbeid med komande emne.
Praktisk informasjon
Emnet har følgjande delar:
Sikkerheitskurs: For studentar som ikkje har gyldig kursbevis for STCW grunnleggande sikkerheitsopplæring for sjøfolk i tråd med STCW tabell A-VI/1-1, A-VI/1-2, A-VI/1-3 og A-VI/1-4 vert kurs gjennomført i slutten av første semester.
Oppstart: Tilnærming til faget. I slutten av haustsemesteret førebur ein praksisperioden, slik at studentane er klar for avreise når vårsemesteret startar. Informasjon, fagleg fokus og Webcadet vert gjennomgått, og ein inngår avtalar om den einskilde sin praksisplass.
Praksisperiode: Praksisperioden vert gjennomført om bord i tildelt farty. Utreisedato og heimreisedato kan variere frå student til student, men alle studentane har 4 veker om bord i fartyet. Opplæringsansvarlig om bord på fartyet og faglig og administrativ kontaktperson ved HVL følger studenten opp. Arbeidsomfang om bord er 12 t mandag til fredag og 8 t laurdag og søndag, totalt 76 timar i ei arbeidsveke. Studenten følgjer vaktsystemet som vert nytta om bord. I tillegg til relevante arbeidsoppgåver tildelt av mannskapet på skipet jobbar studenten med Webcadet om bord.
Avslutning: Praksisemnet vert avslutta med ei samling der studentane deler sine erfaringar, refleksjonar og perspektiv med medstudentane sine.
Læringsutbytte
Kunnskaper
Studenten
- Har brei kunnskap om skipet ein er om bord i
- Har kunnskap om organisasjonen om bord og den einskilde sine arbeidsoppgåver og ansvarsområde
- Har brei kunnskap om sikkerheitsorganisasjonen om bord og oppgåvene den einskilde har ved ein eventuell naudssituasjon
- Har kunnskap om omgrepa og terminologien som vert nytta om bord
Ferdigheiter
Studenten
- Kan fastsetje skipet sin posisjon ved bruk av navigasjonshjelpemiddel
- Kan bruke radar, ARPA og ECDIS for å oppretthalde sikker navigasjon
- Kan oppretthalde ei sikker bruvakt
- Kan samhandle med øvrig mannskap om bord
- Kan reflektere over eigen praksis og justere denne i tråd med tilbakemeldingar
- Kan finne, vurdere og vise til fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid
- Kan handtere relevant utstyr sikkert og nyttar dette riktig
- Kan utføre korrekte arbeidsteknikkar inklusiv forflyttingsteknikk
- Kan arbeide systematisk og tilpasse arbeidstempoet etter tildelte arbeidsoppgåver
- Kan samarbeide godt med dei andre om bord, både på dekk og i maskin, og viser respekt for andre
Kompetanse
Studenten
- Har oppnådd kompetansemåla 1.3, 1.4 og 3.8 og kompetansekriteria 1.1.3, 1.1.6, 1.1.7, 1.1.8 og 1.1.10 i Webcadet.
- Kan organisere og leie eige arbeid
- Kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
- Kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innan fagområdet både skriftleg og munnleg
Krav til forkunnskapar
Fullført og bestått 10 sp fra første semester
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Praksisemnet vert i hovudsak gjennomført om bord i skip. Undervisnings- og læringsformene er basert på studentaktivitet, og studenten har eit stort ansvar for å tileigne seg naudsynt kompetanse. I all hovudsak inneheld emnet deltaking på oppstartsmøte, praktisk arbeid, e-læring, sjølvstudium og deltaking på samling i etterkant av praksisopphaldet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Gjennomført STCW grunnleggande sikkerheitsopplæring for sjøfolk.
Gjennomført kompetansemåla 1.3, 1.4 og 3.8 komplett med alle kompetansekriterium i Webcadet. Gjennomført kompetansekriteria 1.1.3, 1.1.6, 1.1.7, 1.1.8 og 1.1.10 i Webcadet.
Vurderingsform
Praksis vert vurdert til bestått/ikkje bestått etter ei avsluttande vurdering av studenten sin prestasjon i praksisperioden. For å bestå praksis må studenten ha nådd læringsutbytta og oppfylt kravet til deltaking.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- NAB3039 - Integrert praksis - Reduksjon: 2 studiepoeng