Hopp til innhald

NORU803 Norsk 2, emne 1 - Språk og litteratur i fortid og samtid

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Norsk 2 er eit vidareutdanningstilbod som finst både som samlingsbasert og reint nettbasert tilbod. Studiet byggjer på Norsk 1 for grunnskulelærarutdanninga, og er delt i to emne på 15 studiepoeng kvar. Norsk 2, emne 1 - Språk og litteratur i fortid og samtid går om hausten, og Norsk 2, emne 2 - Språkmangfald og tekstmangfald går om våren. Studiet har fokus på å gje djup innsikt i og historisk bakgrunn for sentrale emne som er viktige på 5. -10. trinn, men med særleg fokus på ungdomstrinnet.

Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.

Dette emnet skal gje studentane god kjennskap til språk- og litteraturhistorie, omfattande kunnskap om sentrale språklege og litterære emne, god innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit godt grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering tilpassa norskopplæring for alle elevar.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte: 

Kunnskapar 

Studenten har 

  • kunnskapar om skilnader på tale og skrift, og kva som kjenneteiknar den munnlege kulturen og skriftkulturen 
  • kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har og har hatt i kulturen vår 
  • kunnskapar om faghistoria til norskfaget 
  • god kjennskap til norsk språkhistorie frå den eldste tida og fram til i dag  
  • god innsikt i språklege endringsprosessar i fortid og samtid 
  • god litteraturhistorisk oversikt og kunnskapar om sentrale verk i norsk skjønnlitteratur og sakprosa  
  • gode kunnskapar om litteraturdidaktiske perspektiv og litteraturteoretiske innfallsvinklar 
  • kjennskap til dansk og svensk litteratur. 
  • utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing og lesestrategiar 
  • kunnskapar om læreplanen i norsk for ungdomssteget 

  

Ferdigheiter 

Studenten kan 

  • analysere tekstar med omsyn til språklege trekk knytte til historiske endringsprosessar og normering av skriftspråket 
  • vurdere språkhistoria si vektlegging i læreplan og i læreverk  
  • førebu og gjennomføre undervisning i språklege og litterære emne 
  • lese, analysere, tolke og samanlikne skjønnlitteratur og sakprosa for born, ungdom og vaksne med omsyn til innhald, form og funksjon, sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng 
  • bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering 
  • bruke og vurdere digitale læringsverktøy   

  

Generell kompetanse 

Studenten kan 

  • skaffe seg innsikt i norskfaget og bruke forsking og faghistorie til å reflektere kritisk og konstruktivt 
  • rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile 
  • sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati 
  • vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane  
  • bruke språket sikkert og rett munnleg og skriftleg  

Krav til forkunnskapar

Norsk 1, 30 studiepoeng eller tilsvarande 

Undervisnings- og læringsformer

Ein legg stor vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Studentane arbeider med faglege og didaktiske oppgåver knytt til fagstoffet mellom undervisningsøktene. Studentane vil aktivt bruke og få kjennskap til ulike digitale samhandlingsformer ved å ta del i undervisinga og løyse oppgåver ved hjelp av digitale verktøy. Dette bidrar til å auka studentane sin profesjonsfaglege digitale kompetanse.  

Ein sentral del av arbeidet vil vere knytt til eigen undervisningspraksis/eigne praksiserfaringar. Det er vidare ein føresetnad at studentane som følgjer studiet, deler kunnskapen og ferdigheitene dei tileignar seg, med lærarar i kollegiet på eigen skole.   

Organisering, samlingsbasert: 

Studiet har to samlingar per semester i inntil tre dagar. Mykje av undervisninga er lagt til samlingane, men det vert også lagt til rette for fagleg samarbeid og erfaringsutveksling på samlingane. Kommunikasjon og aktivitet vil skje digitalt utanom samlingane.  

Organisering, nettbasert: 

Undervisninga skjer i stor grad som nettbaserte forelesingar i form av video, tekst og lyd. Informasjonsutveksling, rettleiing og faglege diskusjonar skjer i studiestøttesystemet Canvas og i andre digitale samhandlingsverktøy.  

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane må levere/gjennomføre og få godkjent tre obligatoriske arbeid for å få gå opp til eksamen. Tema for og form på læringsaktivitetane blir kunngjorde ved semesterstart. Dei skriftlege læringsaktivitetane er på bokmål. 

Vurderingsform

  • Heimeeksamen over tre dagar, bokmål, 50 %
  • Semesteroppgåve, 3000 ord, bokmål, 50 %
  • Karakterskala A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel