Hopp til innhald

BO6-2001 Bacheloroppgåve rekneskapsførar

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Bacheloroppgåva er eit sjølvstendig forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing. Studentane skal bruke fagleg kunnskap og forsking på praktiske og teoretiske problemstillingar innanfor fagområda finansrekneskap, skatte- og avgiftsrett eller rettslære. 

Bacheloroppgåva skal skrivast i grupper på to til tre personar. Emneansvarleg kan innvilge dispensasjon frå dette kravet etter skriftleg søknad dersom det ligg føre særlege grunnar.

Læringsutbytte

 Kunnskapar

Studenten: 

  • Har oppdatert og inngåande kunnskap om relevante teoriar og metodar knytt til vald problemstilling innan fagområda finansrekneskap, skatte- og avgiftsrett eller rettslære.
  • Kjenne til forskings- og utviklingsarbeid knytt til vald tema/problemstilling.

Ferdigheiter

Studenten: 

  • Kan greie ut ei fagleg problemstilling.
  • Kan finne, velje og fordjupe seg i relevant teori for problemstillinga. 
  • Kan vurdere, og velje ut, relevante metodar for å finne svar på problemstillinga. 
  • Kan planleggje og gjennomføre innhenting av empirisk data og bearbeide desse.
  • Kan analysere data og diskutere funna opp mot teori.
  • Kan vurdere funna og kome fram til ein konklusjon. 
  • Kan planleggje og gjennomføre eit prosjekt med avgrensa ressursar. 

Generell kompetanse

Studenten: 

  • Kan planlegge og gjennomføre prosjekt som strekk seg over tid, aleine og som medlem av ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer. 
  • Kan formidle problemstillingar, fagstoff og løysingar skriftleg.
  • Kan utveksle synspunkt og erfaring med andre med bakgrunn innan rekneskapsførarfeltet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.

Krav til forkunnskapar

Avlagt minst 100 studiepoeng ved oppstart av femte semester.

Bestått BØA115 Statistikk eller liknande og minimum ha bestått arbeidskravet i emne ME6-1002 Samfunnsvitskapleg metode.

Emneansvarleg kan gje dispensasjon etter skriftleg søknad innan oppgitt frist, dersom det ligg føre særlege grunnar. Etter skriftleg søknad kan studentar som ikkje er tatt opp på studiet søkje om å få gjennomføre emnet. 

Undervisnings- og læringsformer

Bacheloroppgåva er eit sjølvstendig arbeid. Studentane har sjølve ansvar for å nå læringsutbytte, og for framdrift og utforming av oppgåva. For å førebu og støtte studentane i skrivearbeidet er det utarbeida ein serie med seminar og videoar. Aktiv bruk av rettleiing er likevel den viktigaste læringsforma i emnet. Rettleiing blir gjeve etter avtale med tildelt rettleiar, maksimum fire rettleiingstimar per gruppe. Rettleiaren for bacheloroppgåva ved institutt for økonomi og administrasjon, campus Sogndal gir utfyllande informasjon om innhald og omfang på rettleiinga.

Obligatorisk læringsaktivitet

Kravet for å levere bachelotoppgåva til sensur er: 

  1. Studentane avtalar, førebur og deltek på den obligatoriske rettleiingsøkta, og signerer rettleiingsavtalen.  
  2. Aktiv deltaking på plakat-verkstad og levering av ferdig plakat av bachelotoppgåva.

Vurderingsform

Bacheloroppgåve i grupper på 2-3 personar. 

Bokstavkarakter.

Kandidatar som får ikkje bestått og ønskjer å levere ei forbetra versjon av bacheloroppgåva får tilbod om ein time rettleiing.

Sjå elles §11-19 i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet for meir informasjon om oppattaking av bacheloroppgåver.