FK216 Fysikk, tresemesterordning
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
I fysikk er samspelet med matematikk gjennom å rekne på fysiske problemstillingar viktig. Læring i nødvendig elementær kjemi inngår i fysikkfaget, og praktiske forsøk eller laboratoriearbeid er sentralt.
Måleeiningar, rettlinja bevegelse, kraft og bevegelse langs ei rett linje, kraft og bevegelse i to dimensjonar, mekanisk energi, statikk, mekanikk i væsker og gassar, termofysikk, elektrisitet, lys, bølgjer, atomfysikk, grunnleggjande kjemi og kjernefysikk inngår i faget.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Kandidaten har kunnskap om fysiske tema som er grunnlegjande for teknologiske fag.
- Kandidaten kjenner til fagets sentrale metodar, og kan definere og forklare dei viktigaste begrepa frå mekanikk, termofysikk, elektrisitetslære, atom- og kjernefysikk.
- Kandidaten kjenner til energibegrepet og energianvendelsar i moderne samfunn, og kan bruke det i fysiske problemstillingar.
- Kandidaten har kunnskap om kva krav som stillast til forsøk.
Ferdigheiter
- Kandidaten kan rekne på kraft og bevegelse i to dimensjonar og på termofysiske problemstillingar.
- Kandidaten kan rekne med størrelsar og einingar i SI-systemet, og behersker omrekning mellom einingar.
- Kandidaten kan teikne koplingsskjema og gjere berekningar på enkle elektriske kretsar.
- Kandidaten kan gjennomføre forsøksarbeid på ein kvalifisert og sikker måte, gjere målingar, tolke resultata og skrive rapport.
Generell kompetanse
- Kandidaten kan gjere greie for prinsipp for naturvitskapleg tenking.
- Kandidaten kan kommunisere med andre om realfaglege problemstillingar ved å nytte seg av fysiske begrep og størrelsar.
- Kandidaten forstår samanhengen mellom fysikk og kjemi, og teknologiske anvendelsar.
- Kandidaten forstår fysikkfaget sine ambisjonar om å lage kvantitative modellar av fenomen i nauren.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Grunnleggjande matematikk eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesningar og reknetimar.
Emnet undervisast i haustsemesteret. Eksamen blir avholdt i starten av Januar. Det er mogeleg å ta ny eksamen før oppmeldingsfristen til fag på våren går ut.
Dette emnet er opptakskrav på ingeniørutdanninga. Emnet må vere bestått før ein kan melde seg opp til våremnena og fortsette på ingeniørutdanninga etter første semester.
Obligatorisk læringsaktivitet
2 testar.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 3 timar.
Bokstavkarakter, A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator, formelsamling(Gyldendals tabeller og formler i fysikk).
Meir om hjelpemiddel