Hopp til innhald

MASO591 Masteroppgave (45 stp.)

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhold og oppbygning

Formålet med emnet er at studentane skal utføre eit sjølvstendig forskingsarbeid med relevans for sosialvitskap.  Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid der studenten synleggjer innsikt i aktuell forsking, samt relevant teori og metode som er aktuell for problemstillinga i oppgåva. Arbeidet med masteroppgåva skal kvalifisere studenten for forskings- og utviklingsarbeid. Kandidaten skal i masteroppgåva belyse eit aktuelt tema innan miljøterapeutisk arbeid eller samfunnsarbeid. Mastergradarbeidet kan være ei undersøking av teoretiske, praktiske eller metodiske sider ved sosialvitskap, der formålet er å tilføre ny kunnskap til fagfeltet.

Mastergradarbeidet kan vere eit frittståande arbeid, gå inn som ein avgrensa men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt, byggje på tilgjengelege data frå avslutta forskingsprosjekt eller registerdata, eller ha form som ein reviewstudie. Dersom masteroppgåva skal vere ein del av et større pågåande prosjekt, må dette avklarast med emneansvarleg.

Masteroppgåva kan skrivast som eit individuelt prosjekt eller som eit fellesprosjekt for to studentar. Når to studentar skriv felles masteroppgåve, må det gå tydeleg fram av arbeidet korleis dei har arbeidd saman. Studentane har eit sjølvstendig ansvar for å vise korleis begge har medverka til det ferdige produktet. Elles gjeld høgskulen sine eigne retningslinjer for masteroppgåva, som ligg på nettsidene om eksamen.

Masteroppgåva vert skriven i tråd med Rettleiar for masteroppgåva ved fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS) - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no). Studenten fyller ut ein rettleiingsavtale og sender denne til rettleiar så tidleg som mogleg etter forventa oppstart på masteroppgåva. Avtalen skal signerast i etterkant av at temaet og metoden for masteroppgåva er vald. Studenten, rettleiar, eventuelle medrettleiarar og emneansvarleg skal signere avtalen.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, evner og generell kompetanse:

Kunnskap:Studenten..

  • har avansert kunnskap om miljøterapeutisk arbeid eller samfunnsarbeid sitt teoretiske og metodiske grunnlag, og kan anvende desse innanfor fagområdet.
  • har inngående kunnskap om kvalitetsvurdering av forsking.
  • har inngående kunnskap om ulike forsknings- og analysemetoder.
  • har spesialisert  innsikt i det det temaet mastergradsoppgåva handlar om.

Ferdigheter:Studenten...

  • kan planlegge, gjennomføre og dokumentere eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt i sosialvitskap, innan miljøterapeutisk arbeid eller samfunnsarbeid under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske norme.r 
  • kan analysere og halde seg kritisk til fagfeltet sitt teoretiske og metodiske grunnlag samt ulike informasjonskjelder, og bruke desse til å strukturere og formulere faglege argument.
  • kan bruke relevante forskingsmetodar til å analysere vitskaplege problemstillingar på ein sjølvstendig måte.
  • kan reflektere over og ta hensyn til forskningsetiske problemstillinger knyttet til forskning på sårbare grupper.
  • kan vurdere hva som er hensiktsmessig design, datainnsamlingsmetode og analysemetode ut fra den valgte problemstillingen.
  • kan systematisk og kritisk analysere faglige problemstillinger og egne data.

Generell kompetanse:Studenten...

kan kommunisere om analysar og konklusjonar ut frå eksisterande forsking og ulike perspektiv i sosialvitskap både med fagfelt, interesseorganisasjonar og til ålmenta

Krav til forkunnskaper

Alle emna i fyrste og andre studieår tilsvarande 75 stp må vera gridd før studenten kan levere inn masteroppgåva til vurdering.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidet med masteroppgåva skal gjennomførast i tredje og fjerde semester. Student og rettleiar skal utarbeide og underskrive rettleiingsavtale ifølgje det til ei kvar tid gjeldande regleverket ved høgskulen. Avtalen følgjer studenten.

Arbeidet med masteroppgåva stiller krav til at studentane evnar å arbeide sjølvstendig med ei oppgåve over tid. Før arbeidet med masteroppgåva skal student og rettleiar utarbeide og underskrive rettleiingsavtale, i følgje det til ei kvar tid gjeldande regleverket ved høgskulen. Avtalen følgjer studenten.

Studentane får tilbod om introduksjonsforelesningar med tips og råd om korleis studenten kan arbeide med masteroppgåva, og tilbod om skriveseminar i gruppe. Rettleiing i å skrive masteroppgåva vil bli gjeve vekselvis i gruppe og individuelt. Før rettleiing skal studenten levere inn aktuelt rettleiingsgrunnlag til rettleiar innan avtalt tid. Ca ein månad før innlevering av masteroppgåva skal studenten legge fram oppgåva si i eit sluttseminar der ein til to medstudentar har ansvar for å vere opponentar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studentane kan levere masteroppgåva:

  1. Prosjektplan for masteroppgave  på inntil 2000 ord (eksklusiv referanser), være tydelig formulert og innehold i tråd med Rettleiar for Masteroppgåve ved FHS
  2. Gjennomført minimum fem rettleiingstimar
  3. Gjennomført sluttseminar

Vurderingsform

Masteroppgåva vert gjennomført individuelt eller som eit samarbeidsprosjekt mellom to studentar, og kan skrivast på eit skandinavisk språk eller på engelsk etter avtale med rettleiar. Sjølvvalt litteratur på 3000-4000 sider inngår i referanselista i masteroppgåva. Oppgåva skal byggje på eit empirisk materiale, som har eit større omfang enn en 30 studiepoengs oppgåve.

Studentane kan velje ulike former på masteroppgåva. Dei vanlegaste formene er monografi og artikkel med kappe. 

Alternativ 1: Monografi med eit omfang på 30.000 ord +/10%. Tittelside, innhaldsliste, referanseliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg. 

Alternativ 2: Vitskapleg artikkel som tilfredsstiller kvalitetskrava til eit fagfellevurdert nasjonalt eller internasjonalt tidsskrift: Samanbinding eller "kappe" på inntil 10000 ord +/- 10%, samt artikkel som svarar til tidsskriftet sine retningslinjer (3500-7000 ord).

VurderingsuttrykkGradert karakterskala A til F, der A til E er greidd og F er ikkje greidd.

Ny eksamenVed ikkje greidd (karakter F) leverer studenten omarbeidd, skriftleg oppgåve til ny eksamen i påfølgande semester.

Det er ikkje høve til å levere ny eller revidert masteroppgåve ved greidd resultat.

Hjelpemidler ved eksamen

Alle.

Mer om hjelpemidler