MSB106 Anvendt By- og regionaløkonomi
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Dette kurset byggjer på standardkurs i mikro- og makroøkonomi, ved å legge til ein avstandsdimensjon. Ein type av tema er knytt til lokaliseringsteori. Her er fokus først på korleis verksemdene sine lokaliseringsvedtak vert påverka av transportkostnader for innsatsvarer og ferdigprodukter, i tillegg til strategiske avgjerder som er knytt til lokaliseringa av moglege kunder og konkurrerande verksemder. Dette inkluderar avgrensing av markedsområder, og åpner i tillegg til moglegheita for å studere klyngefordelar og klyngedanning av økonomiske aktivitetar. Kurset gjer også bruk av sentralstedsteori, til å forklare og predikere endringar i byhierarkier i ein geografi. Problemstillingar knytt til sentralisering og urbanisering vert diskutert i eit regionalpolitisk perspektiv, både ut frå verksemdenes lokaliseringsvalg og basert på hypotesar om korleis tiltrekking til byar kan påverke bustadsval, produktivitet og innovasjon. Ei anna lokaliserings-problemstilling er å studere arealutnytting i eit byområde, ved å anvende budrenteteori til å diskutere kvifor og korleis ulike typar av folk og verksemder typisk vert lokalisert saman i geografien. Makroøkonomiske tilnærmingar er brukt i konsekvensanalyse, til å diskutere lokale verknader av eksogene sjokk i etterspurnaden. Dette inkluderer økonomiske basemodellar, interregional kryssløpsanalyse, og Keynesianske multiplikatormodellar. Som ei naturleg utviding vert konsekvensanalyse kombinert med grunnleggjande ideer i lokaliseringsteori og fleire andre bidrag frå standard økonomisk teori til å introdusere den såkalla nye økonomiske geografien, og romlege generelle likevektsmodellar. Kurset legger vekt både på den teorien som ligg bak denne typen modellar, og ulike anvendingar av slike modellar til å analysere problemstillingar knytt til regional økonomisk utvekling. Kurset vil vidare ta opp ulike problemstillingar knytt til regionale arbeidsmarknader, som regionale skilnader i ledigheitsrater og lønningar, og flyttestraumar mellom regionar. Eit gjennomgåande tema i kurset vil vere å diskutere ulike mål som kan vere til nytte i anvendt analyse. Dette inkluderar mål for regionale skilnadar i sosio-økonomiske variable, mål for mangfold, romlige klyngetendensar, og mål for romleg autokorrelasjon. I tillegg vil vi gjere bruk av enkle metodar, Geografiske Informasjons Systemer (GIS) til å visualisere romlege data. Dei ulike målene vil verte brukt i studier frå til dømes sør-vest Norge. Ein viktig del av kurset vil vere å gjennomgå ulike teoriar for regional vekst. I første omgang vert dette gjort innanfor Keyensianske og nyklassiske tilnærmingar med eit uniformt definert rom, før tilnæmingar med eit diversifisert-relasjonelt rom vert introdusert. I denne samanhengen vert lokal konkurransesituasjon diskutert ut frå ulike perspektiv: verknaden av vekstpoler, klyngefordeler, innovasjon og nærleik. Teoriane for regional vekst vert også diskutert i ein samanheng med diversifisert-stilisert rom. Til slutt tar kurset opp problemstillingar knytt til romlege bystrukturar.
Læringsutbytte
Kunnskap
Ved fullført kurs vil studentane:
- forstå koreis verksemdenes lokaliseringsval reflekterer både kostnadsomsyn og strategisk atferd.
- ha spesialisert innsikt i kvifor industriaktivitetar ofte finnast i klynger, og korleis geografiar typisk er organisert i eit hierarkisk system av bydanningar.
- forstå kvifor og kor ulike aktivitetar og grupper av hushald typisk okkuperar ulike områder i et byområde, og korleis dette er knytt til prisar på tomter og boligar.
- ha inngåande kjennskap til modellar for å analysere den lokale verkanden av eksogene sjokk, dvs romlege generelle likevektsmodellar, og den såkalla nye økonomiske geografien.
- ha grunnleggjande forståing for kjelder og forklaringar til romlege skilnadar i arbeidsløyserater og løningar.
- ha spesialisert innsikt i ulike mål for å beskrive, visualisere, og evaluere romlege skilnader, mangfold, og korleis ulike variable varierer systematisk i geografien.
- ha grundig kunnskap om teoriar for regional vekst.
- ha grundig kunnskap om kva som avgjer ein bystruktur.
Ferdigheter
Ved fullført kurs kan studentane:
- analysere og forklare tettstedsmønstre, arealbruk, og variasjon i bustadprisar innanfor eit byområde.
- analysere, og diskutere kritisk, den lokale verkanden av eksogene etterspurnadssjokk.
- prinsipp for bruken av romlege generelle likevektsmodellar til å predikere til dømes korleis endringar i transportnettet påverker det regionale mønsteret for sysselsettjing og befolkning.
- analysere problemer knytt til romlege skilnader i arbeidsløyse og løningar, og analysere dei grunnleggjande mekanismane for observerte sentraliserings- og urbaniseringstendensar.
- vurdere kritisk ulike kjelder for informasjon og ulike mål til å evaluere den økonomiske situasjonen og den økonomiske veksten i ein region og i eit byområde.
Kompetanse
Ved fullført kurs kan studentane:
- bruke sin kunnskap til å forklare den geografiske fordelinga av økonomiske aktiviteter innanfor ein generell likevektstankegang.
- håndtere eit analytisk verktøy som gjer ei god forståing av sentrale problemstillingar i den økonomisk politiske debatten knytt til by- og regionaløkonomi.
- bruke sin kunnskap til å foreslå og evaluere alternative politiske verkemidlar til å forbetre den økonomiske situasjonen i lokal økonomi.
- bruke sin kunnskap om regionale arbeidsmarknadar til å gje anbefalingar om gode politiske tiltak i situasjonar med regionale skilnadar i til dømes arbeidsløyserater.
- kommunisere både på eit teoretisk og eit praktisk nivå når det gjeld problemstillingar knytt til den økonomiske situasjonen og den økonomiske veksten i ein region eller eit byområde.
Krav til forkunnskapar
Opptak til det aktuelle masterstudiet.
Tilrådde forkunnskapar
Fullførte kurs i mikroøkonomi, makroøkonomi, statistikk og matematikk, til dømes frå eit bachelorprogram i økonomi og administrasjon.
Undervisnings- og læringsformer
Tradisjonelle forelesningar vil kombinerast med seminarer som fokuserar både på litteraturoversiktar og case-studier knytt til relevante problemstillingar til dømes for sør-vest Norge. Studentane vert organisert i grupper, henter inn og organiserar data, og skriv ein rapport om lokal økonomi, med utgangspunkt i vitenskapeleg litteratur om den aktuelle problemstillinga. Seminarene er meint å fungere som veiledning i det å skrive eit forskningsarbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
Litteraturoversikter og rapportar basert på data for lokal økonomi. Seminar.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 5 timar.
Besvarelsane vurderest for skalaen A-F, der F er ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Kalkulator
Meir om hjelpemiddel