Hopp til innhald

SA611 Historie fordjuping: Europa og verda på 1700-talet

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet tar for seg ei verd på terskelen til det moderne, med intensivert global samhandling og tiltakande europeisk hegemoni. Utviklinga innan handel, finans, sjømakt og militær teknologi hang saman med sosiale og kulturelle endringar, og i mange gamle rike utfordra desse nye utviklingstrekka både politiske institusjonar og tradisjonelle verdiar og religion. For å sjå korleis alle desse endringane verka i hop, legg emnet vekt på grundig fordjuping i historia til fleire einskilde rike i Europa og Asia. Samspelet mellom alle verdsdelane i globale nettverk og 1700-talets verdskrigar er eit anna viktig tema. Hovudvekta i emnet ligg på tida frå 1700 til 1775.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Studenten...

  • har brei kunnskap om den politiske, økonomiske, militære og intellektuelle utviklinga på 1700-talet
  • kan greie ut om utviklinga i dei viktigaste rika i Europa og Asia
  • har kunnskap om globale nettverk og imperium  

Ferdigheiter

Studenten kan…

  • sjå samanheng mellom historiske utviklingstrekk og hendingar i notida
  • orientere seg i forskingsfronten, forstå historisk forskingsdebatt og reflektere kring vitskaplege grunnlagsproblem
  • bruke digitale verktøy til å hente kunnskap frå ulike medium og vurdere han kjeldekritisk i eigne framstillingar

Generell kompetanse

Studenten kan…

  • skrive ein tekst om eit historiefagleg tema etter definerte vitskaplege kriterium og basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
  • handsame og vurdere større informasjonsmengder med eit fagleg blikk
  • ha innsikt i dei analytiske, fortolkande og kreative prosessane som ligg bak skapinga av ny historisk kunnskap

Krav til forkunnskapar

Ingen (sjå tilrådde forkunnskapar).

Tilrådde forkunnskapar

Første året av bachelorstudiet i historie eller årsstudium i historie.

Undervisnings- og læringsformer

Campusstudentar: Sjølvstudium, førelesingar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.

Nettstudentar: Sjølvstudium, førelesingar og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy og diskusjonsforum, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Fleirvalstest (multiple choice) i heile pensum eller ein nærare definert del av pensum.

Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse.

Vurderingsform

Heimeeksamen, individuell (5 timar).

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel