ØKB3150 Praksis - Økonomi og administrasjon
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Gjennom praksisopphald på 10 veker (av 2 dagar i veka) får du erfaring med ulike arbeidsformer og problemstillingar i arbeidslivet. Gjennom praksisopphaldet lærer du korleis du kan bruka teori du har tileigna deg dei førre semestera. Du vil også læra meir om bedrifta der du har praksis, og dessutan korleis du er som arbeidstakar. Under praksisopphaldet fordjupar du deg i eit tema/fagområde som avtales tidleg i praksisopphaldet.
Arbeidsoppgåvene blir bestemde i samarbeid med kvar enkelt bedrift, og vil derfor variera utor kva bedrift du har praksis hos, og kva bransje denne bedrifta opererer innan. Døme på arbeidsoppgåver kan vera:
- arbeid med konkret avgrensa prosjekt. som t.d. ein marknadsanalyse
- informasjonsinnhenting, analyse og presentasjon
- arbeid og opplæring i systema til bedrifta
- arbeid som inngår i den daglege drifta, som t.d. praktisk arbeid med rekneskaps- og lønnsrelaterte oppgåver
PRAKTISK INFORMASJON OM EMNET:
Emnet er eit av valemna som blir tilbodne i haustsemesteret. Praksisopphaldet er ulønna og studenten vil ikkje få kompensert utgifter knytt til opphaldet. Det er ikkje mogleg å ha praksisopphald i bedrift som du har eller har hatt eit arbeidstakarforhold til. Studentar som ønskjer å ta emnet må senda søknad. Informasjon om søknadsprosessen blir lagd ut i Canvas i vårsemesteret.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Du:
- kan velja ut og fordjupa deg i relevant teori for ein bestemd praksis
- kan tileigna deg kunnskap om prosessar, verktøy og metodar gjennom praksisopphaldet
- ser samanhengar mellom teori og praksis, ved å vera analytisk til det du opplever i praksisfeltet.
Ferdigheter
Du:
- kan utføra arbeidsoppgåver innan det valde praksisområdet
- meistrar faglege verktøy, teknikkar og utrykksformer innan det valde praksisområdet
- finn, vurderer og viser til litteratur som er relevant for utøving av det valde praksisområdet.
Generell kompetanse
Du:
- har utvikla innsikt i relevante problemstillingar innan praksisfeltet
- har lært å innordna deg etter krav og metodar i arbeidslivet kan kommunisera og samarbeida med involverte partar
- ser nytta av og har vorte inspirert til å halda deg fagleg à jourkan
- planlegg og lause faglege oppgåver sjølvstendig
Krav til forkunnskapar
Det kreves minst 60 studiepoeng fullført innan obligatoriske emner i studieprogrammet for økonomisk-administrativ utdanning før oppstart av praksisperioden. Studenten sitt karakternivå vil kunne virke inn på tildeling av praksisplass.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Praksisopphald hos vertsinstitusjon og seminar/samlingar.
Praksis: I praksisperioden jobbar du hos verksemd med oppgåver som du og verksemda kjem fram til saman. Varigheit på praksisopphald i verksemd vil svara til 150 timar (10 veker av 2 dagar per veke). Praksisperioden startar i månadsskifte august/september.
Seminar/samlingar: Det er to obligatoriske samlingar i tillegg til praksisopphald:
- Første seminar er i forkant av praksisopphaldet. Formålet er å bli klar over eigen kunnskap, kompetanse og rolla som arbeidstakar.
- Det andre seminaret finn stad ca. tre veker ut i praksisperioden. I forkant av dette skal du senda inn ei kort prosjektskildring du har utarbeidd saman med vertsinstitusjonen. Formålet er å få innblikk i planlagde oppgåver, og diskutera korleis kompetansen din frå studiet blir nytta i praksisopphaldet.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Praksisopphald på 150 timar
- Deltakelse på to seminar
- Levere ei kort prosjektskildring til andre seminar
Vurderingsform
Oppgåve 100%
Karakterskala: Bestått / ikkje bestått
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel tillatne
Meir om hjelpemiddel