ANEP514 Utøvande anestesisjukepleie. Samhandling og kommunikasjon
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet legg vekt på klinisk integrert bruk av kunnskap bygd på forsking, erfaring og brukar- ogpårørande perspektivet (arbeide kunnskapsbasert). Emnet omhandlar vidare føresetnader for presisjon,koordinasjon og eit raskt tempo i ferdigheiter, prosedyrar og komplekse situasjonar. Vidare leggemnet vekt på kommunikasjon og samhandling i tilnærminga til anestesisjukepleie. I tillegg inneheld emnet verdien av å meistre kommunikasjon og samhandling med pårørande og kollegaer. Emnet er knytt til innleiing, vedlikehald og avslutting av generell anestesi. Pasientens sikkerheit er sentralt i emnet. Emnet er bygd opp kring utvikling av erfaring med ulike anestesiformer og ulike kirurgiske metodar med fagleg progresjon, aukande ansvar sjølvstendige vurderingar i utøving av anestesisjukepleie.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiterog generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
- har avanser kunnskap om anestesi til pasientar i alle aldrar og med alvorleg sjukdom
- har avansert kunnskap om korleis valte anestesimetode påverkar pasient med ulike medisinsketilstandar
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan sjølvstendig gjennomføre generell anestesi på elles funksjonsfriske pasientar
- kan gjennomføre anestesi ved ulike inngrep og medisinske tilstandar
- bruke relevante metodar ved preanestetisk vurdering, førebu til dei ulike metodane innan anestesi
- kan observere, overvake og behandle for å forebygge svikt i vitale funksjoner
- kan bruke relevante metodar for å handtere effekt og biverknader av anestesimedikament ogrelevante tilleggsmedikament
- kan analysere og vurdere pasienten sin situasjon for å forebygge, behandle og lindre smerte,ubehag og kvalme
- har avanserte tekniske ferdigheiter i å oppretthalde frie luftvegar og ventilasjon ved bruk avmaske/bag, supraglottiske hjelpemidlar, og tracheal intubasjon hos barn og vaksne, samtanvende hjelpemidlar ved vanskeleg luftveg
- kan bruke relevante metodar for å ivareta pasientar og pårørande sine behov i eit komplekst oghøgteknologisk miljø
- kan bruke samhandlings- og kommunikasjonsverktøy for å ivareta god pasientbehandling ogpasientmedverknad
- kan analysere og vurdere fagspesifikke og overlappande funksjonar for å fremje godsamhandling mellom profesjonane
Generell kompetanse:
Studenten…
- kan anvende kunnskap og ferdigheiter for å bistå i smertebehandling og palliasjon
- har utvikla situasjonsbevisstheit og evne til å kunne prioritere, og eventuelt omprioritererelevante tiltak for å være i forkant og forutsjå og forebygge komplikasjonar
- kan anvende relevante metodar for å ivareta god pasientbehandling samt tilpassekommunikasjon og samhandling ut frå pasientar og pårørande sin helsekompetanse og språklegbakgrunn
- kan anerkjenne og respektere kompetansen til andre teammedlemmer og kollegaer, og deltaaktivt med sin kompetanse i team i og utanfor sin faste arbeidsstad
- kan bidra til kvalitetsarbeid, nytenking og innovasjonsprosessar i klinisk praksis
Krav til forkunnskapar
Følgande emne må vere bestått:
ANE510: Akutte og kritiske tilstandar. Kvalitet pasientsikkerheit og fagleg leiing i anestesisjukepleia
ANE511: Fysiologi, patofysiologi, farmakologi, anestesiologi og intensivmedisin i anestesisjukepleia
ANE512: Anestesisjukepleie som fag- og funksjon.Observasjons-, avgjerds- og handlingskompetanse ANEP513: Pasientsikkerheit, teknologi og digital kompetanse i utøvande anestesisjukepleie.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Praksisstudium med vekt på samhandling og kommunikasjon i utøvande anestesisjukepleie. Dagleg rettleiing frå anestesisjukepleiar fortrinnsvis med master- og rettleiarkompetanse. Ein fagperson frå utdanningsinstitusjonen bistår i pedagogiske spørsmål inkludert planlegging av læringsaktivitetar,rettleiingsmetodikk, evaluering og klinikksamlingar. Eit rekleksjonsnotat kvar veke. Tilsvarande ei veke teori med simulering knytt til akuttesituasjonar i anestesisjukepleia.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg tileksamen:
1. Ei oppstartsamtale om læringsutbytte, ei midtvurderingssamtale og ei sluttvurderingssamtale
2. Deltaking på klinikksamlingar.
3. Deltaking i simulering
Vurderingsform
Praksis vert vurdert til bestått/ikkje bestått
Ved ikkje bestått praksis, må heile emnet gjennomførast på nytt ved neste ordinære emnestart.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt
Meir om hjelpemiddel