Hopp til innhald

BARN390 Bacheloroppgåve

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet er ei fagleg fordjuping i eit tema som vert godkjent av høgskulen. Tema skal vere relatert til ei profesjonsrelevant problemstilling innan barnevernpedagogens fagområde. Studentane formar eit prosjekt der problemstillinga skal drøftast i eit teoretisk og praktisk perspektiv og der studenten skal vise analytisk kompetanse og etisk refleksjon. Det er i tillegg ei målsetjing at studenten skal meistre formelle og metodiske krav til eit fagleg arbeid av slikt omfang.

I emnet blir det undervist i oppgåveskriving, litteratursøk og kjeldekritikk og det vert gitt rettleiing individuelt og i gruppe knytt til skriving av oppgåva.

Bacheloroppgåva skal skrivast i tråd med Rettleiar for bacheloroppgåve ved FHS. Ein rettleiaravtale skal lagast i starten av arbeidet med bacheloroppgåva. Avtalen skal signerast av student og rettleiar.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgene totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten...

  • har brei kunnskap om forsking- og utviklingsarbeid med relevans for barnevernets arbeidsområde.
  • har kjennskap til relevante forskingsdatabasar innan barnevernets arbeidsområde.
  • kjenner til metodiske krav og forskingsetiske retningslinjer i vitskapleg arbeid.

Ferdigheiter: Studenten...

  • kan utvikle og drøfte ei praksisrelevant problemstilling.
  • kan finne, kritisk vurdere og vise til kjelder slik at desse kastar lys over ei profesjonsrelevant problemstilling.
  • kan reflektere over forskingsetiske problemstillingar i eige prosjekt.

Generell kompetanse: Studenten...

  • kan planlegge, disponere og gjennomføre skriving av ei akademisk oppgåve med profesjonsfagleg relevans i tråd med akademiske krav og etiske retningsliner.
  • kan analysere, drøfte og formidle profesjonsfagleg relevante problemstillingar på ein kritisk reflektert måte.

Krav til forkunnskapar

Alle emne frå fyste og andre studieår må vere bestått, og alle obligatoriske læringsaktiviteter i emne BARN300, BARN310 og BARN320 må vere godkjent for å levere bacheloroppgåva.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, lærarstyrt oppgåveseminar og sjølvstudium. Oppgåva kan skrivast individuelt eller i gruppe med to studentar, og kvar student/gruppe får tilbod om fire (4) timar rettleiing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatorisk læringsaktivitet må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Godkjent prosjektplan. Omfang inntil 1500 ord
  2. Deltaking i oppgåveseminar
  3. Vere opponent på ein annan student si prosjektplan for bacheloroppgåva i oppgåveseminaret
  4. Deltaking i minimum to rettleiingar

Godkjende obligatoriske læringsaktivitetar er gyldig i 3 semester.

Vurderingsform

Oppgåve Bacheloroppgåva skal vere på 8.000 ord (+/- 10%). Tittelside, innhaldsliste, samandrag, referanseliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg.

Bacheloroppgåva skal synliggjere i kva grad studenten oppnår læringsutbyte for emnet, og i kva grad studenten nyttar vitskapeleg metode og kan jobbe systematisk med ein fagleg problemstilling.

Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Ny eksamen Ved ikkje bestått (karakter F) leverer studenten omarbeidd, skriftleg besvarelse til ny eksamen i påfølgande semester.

Det er ikkje høve til å forbetre karakter på ei bestått bachelor- eller masteroppgåve innafor same studieprogram. Det kan gjerast unntak viss studenten skriv heilt ny oppgåve med ny problemstilling.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle. Det vert køyrt plagiatkontroll.

Meir om hjelpemiddel