Hopp til innhald

FAL802 Fysisk aktiv læring i folkehelse og livsmeistring

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet tek utgangspunkt i å fasilitere utviklingsprosessar i profesjonsfellesskapet knytt til folkehelse og livsmeistring og fysisk aktiv læring i skulen. Ein legg vekt på korleis det kan bli ein berekraftig del av skulen sin undervisningspraksis.  

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studentane ha følgande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om forsking og teoretiske perspektiv på folkehelse og livsmeistring
  • har kunnskap om fasilitering av prosessar for erfaringsdeling og utvikling i profesjonsfellesskapet
  • har inngåande kunnskap om kva relevante styringsdokument seier om læring, danning og folkehelse og livsmeistring

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan arbeide i profesjonsfellesskapet med å utvikle læringsmiljø som ivaretar elevane si helse og livsmeistring
  • kan kritisk anvende kunnskap om å drive reflekterande utviklingsprosessar og erfaringsdeling om fysisk aktiv læring og folkehelse og livsmeistring i profesjonsfellesskapet

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan identifisere skulen sine behov innan fysisk aktiv læring og folkehelse og livsmeistring, og legge til rette for og leie utviklingsprosessar i profesjonsfellesskapet
  • kan bruke kunnskap om fysisk aktiv læring inn mot folkehelse og livsmeistring, og bidra til at det blir ein del av skulen sin undervisningspraksis
  • kan kommunisere faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor folkehelse og livsmeistring både til spesialistar, kollegaer i skulen og allment

Krav til forkunnskapar

KRO805 Fysisk aktiv læring

Tilrådde forkunnskapar

Ha kjennskap til FALtastisk.com

Undervisnings- og læringsformer

  • Arbeid med nettressursar t.d. videoar og litteratur
  • Tre dagssamlingar og synkrone nettsamlingar (i sanntid)
  • Gjennomføring i eigen praksis
  • Vurderings- og refleksjonsprosessar

Obligatorisk læringsaktivitet

Gjennomføre og levere oppgåver som førebuing til samlingane, i alt fire oppgåver. Dette inneber framlegging av arbeid på samlingar og arbeid med praksisbaserte oppgåver (individuelt og i grupper) mellom samlingane.

Obligatorisk læringsaktivitet vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal studenten få skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitet får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Læringsaktivitane må vera godkjent seinast tre veker før eksamen.

Vurderingsform

Munnleg individuell digital eksamen, 20 minutt.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel