Hopp til innhald

FE406 Energiøkonomi

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Kurset består av grunnleggjande kostnadsteori og investeringsteori der døma i stor grad blir henta frå fornybar energiproduksjon. I kurset vil det bli gitt ei innføring i dei faktorane som påverkar kontantstraumane til fornybare energiprosjekt. Kurset vil ha fokus på praktisk bruk av den økonomiske teorien.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten skal

  • ha kunnskap om korleis usikkerheit påverkar investor sin risiko og korleis ein kan ta omsyn til risikoen i ein investeringsanalyse
  • kunne kombinere denne kunnskapen til å utvikle gode reglar for å kunne ta avgjerder for konkrete prosjekt

Ferdigheiter

Studenten skal

  • for ein gitt teknologi, kunne estimere kontantstraumen som fornybare energiprosjekt genererer
  • for ein gitt teknologi, kunne identifisere usikre faktorar som påverkar desse kontantstraumane (marknad, politiske rammevilkår, teknologi og naturressursar)

Kompetanse

Studenten skal

  • ha oversikt over dei mest kjende analyseverktøya som blir nytta når ein skal vurdere lønnsemda og risikoen til investeringsprosjekt for fornybar energiproduksjon
  • ha oversikt over faktorar, som politiske rammevilkår, teknologi og ressursgrunnlag, som påverkar kontantstraumane til eit slikt prosjekt
  • kunne vurdere om det er lønnsamt å investere i eit prosjekt når det er usikkerheit knytt til faktorane som påverkar kontantstraumen
  • forstå dei økonomiske karakteristikkane til kraftverk basert på ulike fornybare energikjelder

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MA415 og FE405 

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, innleveringar og øvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Tre (3) skriftlege innleveringar i gruppe (1-3 studentar) som inneheld praktisk bruk av teorien til emnet på konkrete fornybar energi-prosjekt. Tre av tre innleveringar må vere godkjent (bestått) før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Skriftleg gruppebasert prosjektoppgåve med grupper på 1-3 studentar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Dersom ein student stryk på prosjektoppgåva eller vil forbetre karakteren, må ny prosjektoppgåve leverast.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel