Hopp til innhald

FE409 Metodekurs for fornybar energi

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Kurset vil inntrodusere utvalde teoriar, konsept og metodar knytt til fornybar energi, som let studentane ta ei informert avgjerd om dei ønsker å fokusere på både i bacheloroppgåva og i framtidig arbeid.

Kurset er delt opp i fleire blokker på ca. ei vekes lengde som dekker dei tre tematiske områda vitskaplige teoriar og omgrep, kvantitative metoder og kvalitative metoder.

Den første blokka er ei innføring i vitskapsteori, vitskapsfilosofi og forskingsetikk. Denne blokka vil dekke ulike typar forklaringsmodellar og tilhøvet mellom fornuft og empiri, induksjon og deduksjon, i den vitskaplege utviklinga av kunnskap.

Deretter følgjer blokker på ei veke som dekker ulike metodiske tilnærmingar, som statistikk, gjennomføring av intervju og casestudiar, og systemtenkning. Kvar metodiske tilnærming vil vere plassert i det teoretiske landskapet som er dekka i den første blokka.

I tillegg skal studentane ha grunnleggjande kjennskap om datainnsamlings-prosedyrar knytt til dei ulike metodikkane.

Læringsutbytte

Kurset gir ei grunnlegjande innføring i bruk av ulike kvalitative og kvantitative metodar i forskingsprosjekt. Studentane vil tileigne seg kunnskap om føresetnader og avgrensingar ved å bruke forskjellige tilnærmingar til metode. Studentane skal kunne velje forskingsstrategi for ei gjeven problemstilling og vurdere a) kva for data som må samlast inn, b) korleis desse data kan analyserast, og c) kva for konklusjonar som kan trekkjast på bakgrunn av eit valt design. Vidare skal studentane kjenne til grunnleggjande tema frå vitskapsfilosofi, som kjelder til sann kunnskap (fornuft og empiri, induksjon og deduksjon) samt ulike former for verifisering av kunnskap.

Kunnskap

Studenten...

  • vil ha kunnskap om tilhøvet mellom fornuft og observasjon i vitskapeleg utvikling av kunnskap
  • vil ha kunnskap om design av forskingsprosjekt
  • vil ha kunnskap om grunnleggjande prinsipp i kvalitative og kvantitative metodar
  • vil ha kunnskap om føresetnader og avgrensingar i ulike metodetilnærmingar    
  • vil ha kunnskap om kva for metodar som passer til ei gjeven problemstilling
  • vil ha kunnskap om kva for data som passar til valt metodisk tilnærming    
  • vil ha kunnskap om korleis data vert samla inn    
  • vil ha kunnskap om utforming og testing av hypotesar for eit gjeve sett med innsamla data
  • vil ha kunnskap om analyse av eit gjeve sett med innsamla data

Ferdigheiter

Studenten...

  • vil vere i stand til å velje metodetilnærming for ei gjeven problemstilling    
  • vil vere i stand til å samle inn data for ei gjeven problemstilling    
  • vil vere i stand til å nytte verktøy for handsaming av tall og statistisk analyse  
  • vil vere i stand til å nytte verktøy for kvalitativ analyse

Kompetanse

Studenten...

  • vil kjenne til føresetnader og avgrensingar ved ulike metodetilnærmingar    
  • vil vere i stand til å gjennomføre kritisk vurdering av metodebruk i ulike vitskaplege publikasjonar    
  • vil vere i stand til å identifisere metodiske problem i utforming av problemstillingar i eiga og andre si forsking
  • vil vere i stand til å overføre refleksjon over vitskapleg utvikling av kunnskap til andre fag. I kva grad påverkar forskaren sjølv objektet for forskinga?

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, innleveringar og øvingar. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Seks (6) skriftlege oppgåver knytt til emnet sitt tema. Tre (3) av Seks (6) oppgåver må vere godkjent (bestått) før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel