Hopp til innhald

HMA800 Sunn aldring

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Kva betyr det å vere eldre i dag? Den store gruppa av eldre i Noreg er heterogen og divers både med tanke på funksjon, ressursar, behov og ynskjer. Dette emnet handlar om eldre i vårt samfunn i dag og korleis vi kan tilretteleggje for og forstå kva det vil seie å ha ein god alderdom. "Sunn aldring" handlar om alt det som skal til for at eldre har det så godt som mogeleg, i alle fasar av sin alderdom. Det handlar mellom anna om å få delta i samfunnet, bruke sine eigne ressursar, få hjelp til det ein har behov for hjelp til og bli ivaretatt som person. Det handlar om korleis vi skapar eit aldersvenleg samfunn. Her får du bygge din kompetanse på kva dette betyr i din kontekst og korleis du, saman med kollegaer, kan fremme sunn aldring i din kommune eller på din arbeidsplass. Dette er eit praktisk emne der du jobbar i gruppe om eit innovasjonsprosjekt eller tiltak som kan fremme sunn aldring i din kommune.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten…

  • har inngåande kunnskap om kva som ligg i omgrepet sunn aldring
  • kan anvende kunnskap om aldersvenlege samfunn i sitt arbeid

Ferdigheter:
Studenten…

  • kan reflektere rundt helsefremjande strategiar for eldre tilpassa funksjonsnivå
  • kan samanlikne og analysere levekår, ressursar, og behov til eldre voksne i ulike miljø og kontekstar i eit livsløpsperspektiv

Generell kompetanse:
Studenten…

  • kan anvende sentral kunnskap for å fremme sunn aldring, uansett funksjonsnivå, gjennom tverrfagleg arbeid

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet består av ei felles samling utanfor HVL sin campus, digitalt kursmateriale og gruppearbeid. I samlinga vil det vere fokus på diskusjon, erfaringsutveksling og kollega-tilbakemelding. Det digitale kursmaterialet består av korte forelesingar, oppgåver du kan bruke til sjølvstudium og tekstar. I gruppearbeidet skal studentane jobbe saman i eit innovasjons-eller endringsprosjekt i kommunen eller på arbeidsplassen. Studentane får rettleiing og tilbakemelding på oppgåver.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatorisk læringsaktivitet må være godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Deltaking på felles samling (halv dag)

Vurderingsform

Mappevurdering i gruppe
Mappe beståande av to arbeid som vert vurdert samla. Det blir gitt rettleiing til arbeidet.

  1. Refleksjonsnotat (400 ord +/- 10%)

2. Video eller lydfil (maks 7 minutt) frå gruppearbeidet.

Vurderingsuttrykk
Bestått / ikkje bestått

Ny eksamen
Ved ikkje bestått eksamen kan gruppa levere ei bearbeida mappe.

Alle deltakarane i gruppa bidrar til eit felles produkt. Oppstår det tvil om ein student bidreg eller har bidrege tilstrekkeleg til å få utteljing for eit felles produkt skal det hentast inn skriftleg individuell fråsegn frå alle gruppemedlemene og fagleg rettleiar eller emneansvarleg. Høgskulen kan gjere vedtak om at studenten skal reknast for ikkje å ha møtt under eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel