Hopp til innhald

HMA802 Helsesystem og helsebehov til eldre

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Dette emnet handlar om helsesystem, ulike innovasjonar vi har for eldre og kva behov desse skal møte. Behov og forventningar til helsetenester er ulike og dei kan endre seg med tid og kontekst. Det er difor viktig å forstå korleis ein kan nytte tenester på ein god måte og kva tiltak ein bør iverksette. Her får du bygge din kompetanse på ulike tiltak du kan iverksette og korleis du kan få desse gjennomført. Vi vil bruke den lokale konteksten og kompetanse som er i studentgruppa til å bygge kompetanse på helsefremjande initiativ for dei eldre. Dette er eit praktisk emne der du i stor grad jobbar saman med andre.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten ...

  • har inngåande kunnskap om sentrale innovasjonar innan helse- og sosialpolitikk, system og tenester for eldre vaksne.

Ferdigheter:
Studenten...

  • kan analysere tjenester for og deltakelse av eldre vaksne på eit personleg nivå og på samfunnsnivå
  • kan bruke tilegnet kunnskap til å foreslå og gjennomføre tiltak i tverrfaglege team

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan bidra til helsefremjande initiativ for eldre personar, inkludert dei som tilhøyrer sårbare grupper

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet består av ei felles samling utanfor HVL sin campus, digitalt kursmateriale og gruppearbeid. I samlinga vil det vere fokus på diskusjon, erfaringsutveksling og kollega-tilbakemelding. Det digitale kursmaterialet består av korte forelesingar, oppgåver du kan bruke til sjølvstudium og tekstar. I gruppearbeidet skal de jobbe saman om eit innovasjons-eller endringsprosjekt i kommunen eller på arbeidsplassen. Studentane får rettleiing og tilbakemelding på oppgåver.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må være godkjend før studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Deltaking på felles samling (halv dag)

Vurderingsform

Mappevurdering i gruppe
Mappe beståande av to arbeid som vert vurdert samla. Det blir gitt rettleiing til arbeidet.

1. Refleksjonsnotat (400 ord +/- 10%)

2. Video eller lydfil (maks 7 minutt) frå gruppearbeidet.

Vurderingsuttrykk
Bestått / ikkje bestått

Ny eksamen
Ved ikkje bestått eksamen kan gruppa levere ei bearbeida mappe.

Alle deltakarane i gruppa bidrar til eit felles produkt. Oppstår det tvil om ein student bidreg eller har bidrege tilstrekkeleg til å få utteljing for eit felles produkt skal det hentast inn skriftleg individuell fråsegn frå alle gruppemedlemene og fagleg rettleiar eller emneansvarleg. Høgskulen kan gjere vedtak om at studenten skal reknast for ikkje å ha møtt under eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel