LUPEMP100 Praksis 1.år musikk
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Praksis er ein integrert del av faga i utdanninga og skal bidra til at studentane utviklar evne til å reflektere over og utvikle eiga profesjonsutøving. Praksis i dette emnet er i hovudsak retta mot grunnskulen sitt barnetrinn. Fokusområde for praksis 1. studieår er knytt til utvikling av eigen læraridentitet og relasjonskompetanse, observasjon og utprøving av klasseleiing, samt verte kjend med lærarrolla, skulen som organisasjon og ulike fagtradisjonar knytt til musikkfaget.
Praksisen er fordelt likt mellom to semester (vår og haust), med 20 dagar kvart semester.
Haust:
- 5 dagar samanhengande observasjon
- 10 dagar samanhengande undervisningspraksis
- 5 dagar prosjektpraksis knytt til fagleg og kulturelt arbeid med born og unge
Vår:
- 5 dagar samanhengande observasjon
- 10 dagar samanhengande undervisningspraksis
- 5 dagar prosjektpraksis knytt til fagleg og kulturelt arbeid med born og unge
I praksisstudiane inngår ulike arbeidsformer i tillegg til planlegging og gjennomføring av eigen og andre (medstudentar og praksislærarar) si undervisning. Døme på andre arbeidsformer kan vere ulike observasjonsoppgåver, gje/ta imot kollegarettleiing, utforme refleksjonsnotat og halde innlegg/framlegg.
Det kan vere aktuelt å delta på foreldremøte, lærar/personalmøte, planleggingsdagar, elevsamtalar, foreldresamtalar, aktivitetsdagar, ekskursjonar m.m. Deler av prosjektpraksisen kan gå føre seg på kveldstid grunna praksisen sin eigenart. Praksisarenaer kan vere spreidd over eit større geografisk område, og studentane må vere førebudd på noko reising. Ein må pårekne utgifter til reising jfr HVL sitt reglement for utgifter i samband med praksis.
I praksisperioden 1. studieår skal studentane:
- Gjere seg kjend med praksisskule, elevar, lærarar og lokale læreplanar
- Observere og reflektere over praksislærar si undervisning og klasseleiing med særleg merksemd mot musikkfaget, tradisjonar og ulike fagsyn
- Nytte observasjon som utgangspunkt for å drøfte lærarrolla og reflektere over lærarane si undervisning, elevane si læring, læreprosessar, arbeidsmåtar og læremidlar saman med medstudentar og praksislærar
- Arbeide aktivt for relasjonsbygging med elevar og lærarar
- Utforske og ta i bruk arbeidsmåtar, verkemiddel og innhald frå musikkfaget i tverrfagleg arbeid og utvikling av eit godt læringsmiljø gjennom å initiere og leie ulike musikkaktivitetar
- Nytte planleggingsdokument som utgangspunkt for gjennomføring og refleksjon over eiga undervisning og læring
- Gjer seg kjend med formelle sider ved læraryrket som t.d. arbeidstid, arbeidsoppgåver og taushetsplikt
- Reflektere over læraren si rolle som kulturformidlar i samtale med praksislærar og medstudentar, og arbeide for dette gjennom å bevisst nytte eit variert repertoar av innhald og arbiedsmåtar
- Bli kjend med ulike former for formativ vurdering
- Utforske ulike former for musikalsk leiing og fasilitering av musiseringsaktivitetar
- Gjer seg kjend med retningslinjer for praksis og praksisnettsidene
Det er krav om 100% oppmøte i praksis; dette inkluderer all praksis på praksisstaden, seminar, rettleiing, praksisførebuande møte, førebuing og etterarbeid. Om ein ikkje oppfyller oppmøtekravet vil ein få ikkje-bestått i praksis.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten har kunnskap om
- læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremidlar og vurderingsformer som særpregar dei praktiske og estetiske faga
- samspelet mellom elevar og mellom elev og lærar, om skuleleiing, klasseleiing, teamarbeid og skule-heimsamarbeid
- læraren sin rolle som kulturformidlar
Ferdigheiter
Studenten kan
- åleine og saman med andre planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i det praktiske og estetiske faget, i tverrfagleg arbeid og utvikling av læringsmiljø
- legge til rette for utvikling av elevane sine grunnleggande ferdigheiter i arbeidet med dei praktiske og estetiske faga
Generell kompetanse
Studenten
- kan drøfte undervisning, læring og fag i lys av aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv
- har innsikt i grunnleggande ferdigheiter si betydning for læring av fag og elevane si forståing av fagkunnskap
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Praksis
Obligatorisk læringsaktivitet
-
Vurderingsform
Praksis, 40 dagar obligatorisk praksis rettleia og vurdert, 4 delpraksisar (100% oppmøtekrav)
4 delvurderingar: bestått/ikkje-bestått
- Haust:
- P1: 15 dagar praksis barneskule haust
- P2: 5 dagar prosjektpraksis haust
- Vår
- P3: 15 dagar praksis barneskule vår
- P4: 5 dagar prosjektpraksis vår
Alle delpraksisar må vere bestått for å få bestått i emnet. Ved ikkje bestått på ein delpraksis, kan denne takast opp att åleine.
Samla sluttkarakter vår: bestått/ikkje bestått.
Vurderinga er ikkje etterprøvbar. Dersom praksis ikkje er bestått, kan studenten gjennomføre eit andre forsøk neste gong emnet går ordinært. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon. For øvrige reglar og rutinar sjå retningslinjer for praksisstudiet i utdanninga.
Hjelpemiddel ved eksamen
-
Meir om hjelpemiddel