Hopp til innhald

MSB211 Digital organisering og leiing

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

I dette emnet ser vi på utfordringar for leiarar knytte til å gjennomføre ein digital transformasjon og leie organisasjonar i ein digital verd. Kurset tar for seg følgande problemstillingar:

- korleis digitale teknologiar og utnytting av desse muliggjør og krevjar ein transformasjon av organisasjonsstrukturer, forretningsprosesser, kompetanse og evner;

- korleis leiarar på ulike nivå kan leie strategiske endringsprosesser;

- korleis intraorganisatoriske paradoks og spenningar kan hindre produktivt samarbeid og digital transformasjon, og korleis leiarar kan og bør handtere desse;

- korleis leiarar kan lede medarbeidarar som arbeider og samarbeider via digitale plattformer, til døme på heimekontor

- problemstillingar og truslar knytte til bruk av digital teknologi med omsyn til etikk, cybersikkerhet og personvern

Emnet er ein del av Master of science in business (msb) - profil Campus Bergen: Leiing og innovasjon.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Etter fullført emne skal studenten ha avansert kunnskap om:

  • korleis digitale teknologiar muliggjer og føreset ein transformasjon av private og offentlege organisasjonar;
  • omgrep, teoriar og praksisar knytt til forskningsområda som inngår i kurset, som digital transformasjon, leiing av strategisk endring, organisatoriske spenningar og virtuelt arbeid.

Ferdigheitar

Etter fullført kurs vil studenten kunne:

  • forklare og diskutere korleis digitale teknologiar muliggjer og føreset organisatorisk transformasjon;
  • kritisk reflektere over og anvende teoriar og metodar innan organisasjonsteori og litteratur på digital transformasjon;
  • delta konstruktivt og komme med forslag basert på forsking i organisatoriske endringsprosessar som digital teknologi har gjord mogelege eller tvinga fram.

Generell kompetanse

Etter fullført kurs vil studenten kunne:

  • ta på seg konsulentarbeid innan områdane digital transformasjon og organisering og leiing i dagens digitale verd
  • jobbe både sjølvstendig og i team med praktiske og teoretiske problemstillingar;
  • presentere resultat av slikt arbeid munnleg og skriftlig;
  • formidle relevante emne til både spesialistar og ikkje-spesialistar;
  • vete når ytterligare kompetanse er naudsynt, og kor den kan finst.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Anbefalde forkunnskapar: Fullført 1. og 2. semester av masterprogrammet.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet vil kombinere forelesningar, gjesteforelesingar, sjølvstudium av relevant litteratur, litteraturpresentasjonar frå studentar, ekskursjonar til relevante organisasjonar, og tilbakemelding på skriftleg arbeid.

Emnet vert undervist på norsk eller engelsk, etter behov. Vurderingsformer og andre oppgåver kan leverast på norsk eller engelsk.

Obligatorisk læringsaktivitet

I laupet av semesteret skal kvar student presentere minst ein akademisk artikkel og ei masteroppgåve på eit seminar.

Presentasjonane kan gjennomførast i grupper på 2-3 studentar.

Studentane skal også presentere idear og utkast til semesteroppgåva, og kommentere på arbeida til einannen.

Vurderingsform

Semesteroppgåve om eit tema knytt til emnet. Skal skrivast i grupper (maks. 2 studentar). Lengde på semesteroppgåva: ca. 20-25 sider (+/- 10%), skriftstørrelse 12, linjeavstand 1,5. Karakterskala: A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel