NABY0003 Forkurs fysikk for nautikk Y-veg
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Dette emnet er eit forkurs for å dekke tema i fysikk på nivå med generell studiekompetanse. Tema vil vere grunnleggjande mekanikk, termofysikk, geometrisk optikk og gasslovar.
Emnet har obligatorisk oppmøte onsdag, torsdag og fredag i veke 32. Meir informasjon om oppmøte vil bli gitt.
Læringsutbytte
- Kunnskapar:
Studentane skal kunna gjera greie for rørslelikningane for konstant akselerasjon. Dei skal kunna bruka Newton sine lovar og skildra friksjon, skråplan, arbeid og energi. Studentane skal kjenna til 1. hovudsetning, temperatur, varmekapasitet, spesifikk varmekapasitet og spesifikk smelte- og fordampingsvarme. Dei skal ha kjennskap til tilstandslikninga for ideelle gassar, og vite korleis bryting i prisme og totalrefleksjon skjer.
- Ferdigheitar:
Studentane skal kunna analysera eit problem, setja opp kraftvektorar på komponentform og nytta Newton sine lovar til å løysa problemet. Dei skal kunna stilla opp ei likning for avgjeven og motteken varme for eit system av lekamar, og kjenna dei sentrale teoriane.
- Generell kompetanse:
Studentane har innsikt i grunnleggjande fysiske og matematiske omgrep og modellar, og kan forklare desse til andre. Studentane kan snu formlar og har opparbeidd seg kunnskapar som er naudsynte for vidare realfag og nautiske fag.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og rekneverkstad.
Obligatorisk læringsaktivitet
100 % obligatorisk oppmøte på kursdagane i veke 32.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen,
Varigheit: 2 timar
Vurderingsuttrykk: Bestått/Ikkje bestått
Hjelpemiddel ved eksamen
Godkjend kalkulator er: Casio fx-991EX. Teknisk formelsamling (Pedersen, Gustavsen, Kaasa og Olsen).
Meir om hjelpemiddel