Hopp til innhald

SA605 Historiefagleg praksis

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet består av eit førebuande oppstartseminar, eit praksisopphald og eit etterarbeid som inneber skriving av praksisrapport og ein munnleg presentasjon.

Målet med praktikantopphaldet er å gje studenten høve til å bruka og utvikla sin faglege kunnskap på ein relevant arbeidsplass, til dømes museum, arkiv, mediebedrifter, reiseliv, offentleg forvaltning eller andre verksemder som driv ei eller anna for form for historieformidling. Det vil særleg stå sentralt å driva formidling av historisk kunnskap gjennom kortare tekstar i ulike sjangrar og med ulike publiseringsverkty. Studenten skal gjennom dette arbeidet utvikla ei sjangerforståing i populær formidling av historie og forståing for sterke og svake sider og god bruk av ulike medium og publiseringsplattformer. Gjennom observasjon, praktisk utøving, samarbeid og rettleiing skal studenten få høve til å erfara korleis det er å arbeida i ein aktuell jobb for utdanninga, og bli meir medviten om eiga framtidig yrkesrolle.

Studenten skal delta i arbeidsoppgåver som både er tilpassa arbeidsgjevar sitt behov og den historiefaglege kompetansen som studenten representerer. Studenten har ansvaret for å skaffa seg praksisplass, og denne skal godkjennast av høgskulen. Praksisplassar i dei verksemdene høgskulen alt har kontakt med, vil høgskulen fordele på studentane. Arbeidsoppgåvene skal konkretiserast i ein skriftleg avtale mellom høgskulen og den einskilde arbeidsgjevar.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • Kan gjera greie for korleis historie blir formidla i ulike sjangrar, medium og plattformar i ein yrkessituasjon
  • Kan gjera greie for korleis ein kan kombinera og utnytta teoretisk og praktisk og erfaringsbasert kunnskap i arbeidslivet
  • Kan gjera greie for korleis arbeidsgjevar organiserer og gjennomfører arbeidsoppgåver

Ferdigheiter

  • Kan formidla historisk kunnskap som kan vera relevant for arbeidsplassen i utvalde sjangrar og gjennom eit utval publiseringsverkty
  • Kan bruka fagkunnskap, ferdigheter og generell kunnskap frå studiet i ein yrkessituasjon
  • Kan delta aktivt på ein arbeidsplass
  • Kan planleggja og gjennomføra mindre og større arbeidsoppgåver, både åleine og i samarbeid med andre
  • Kan planleggja og gjennomføra ein munnleg presentasjon av eit utgreiingsarbeid

Generell kompetanse

  • Kan formidla og reflektera over erfaringar frå eiga fagleg verksemd
  • Kan bidra til utvikling av god praksis med utgangspunkt i fagleg kunnskap
  • Kan reflektera over eiga rolle som yrkesutøvar
  • Har kunnskap om korleis arbeidsmarknaden ser ut og kva for sektorar som kan vera aktuelle karrierevegar
  • Har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar

Krav til forkunnskapar

Avlagd eksamen i alle emna av første året av bachelor i historie eller årsstudium i historie.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Praksisopphald, observasjon, skriftleg praksisrapport, seminar og munnleg framføring.

Nettstudentar gjennomfører seminar og munnleg framføring som videokonferanse.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studenten må ha fullført følgjande arbeidskrav:

1. Deltaking på oppstartseminar (nettstudentar deltek på videokonferanse)

2. Praksisperiode i sju veker

3. Munnleg framføring (nettstudentar deltek på videokonferanse)

Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" på munnleg framføring vil ein få ein ny sjanse. Bestått arbeidskrav er gyldig til evig tid.

Vurderingsform

Oppgåve. Skriftleg praksisrapport, individuell (3000 ord)

Vurdering: Greidd/Ikkje greidd.

Ved ikkje greidd kan praksisrapporten leverast på nytt i redigert form påfølgjande semester.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel