Hopp til innhald

SA606 Historievitskapleg metode

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet vil ha ei fordjuping i historisk teori og metode og ein brei gjennomgang av kjelder. Kjeldene vil vere utgangspunktet for kritisk gjennomgang og diskusjon kring korleis dei vert brukte når det gjeld å forstå menneskets posisjon i samfunnet. Emnet vil gje ei innføring i dei ulike stega i ein historievitskapleg studie frå kjeldejakt til publisering. Det vil gje opplæring både i korleis ein nyttar seg av tekstbaserte kjelder, korleis ein utnyttar kvantitative data med enkel statistisk metode og utnytting av gjenstandar, bilete og andre typar kjelder. Emnet vil og gi ei innføring i historiefagets historie i den vestlige verda frå antikken fram til i dag, og ei oversikt over dei viktigaste teoretiske innfallsvinklane. I tillegg står ulike måtar å forklare og forstå historiske hendingar og prosesser på sentralt.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten ...

  • kan gjere greie for sentrale sider ved historie som fagdisiplin
  • kan gjere greie for historia og eigenarten til faget
  • kjenner til fagets vitskaplege, pedagogiske, identitetsberande og litterære verdi
  • kjenner til dei viktigaste typane kjelder historikarar nyttar
  • kjenner til dei grunnleggjande metodane og teknikkane i historiefaget
  • kan oppdatere sin eigen kunnskap om historiske metodar

Ferdigheiter

Studenten ....

  • kan finne fram til og arbeide med ulike typar data, kjelder og litteratur, og vise til desse i tråd med vitskapleg praksis
  • kan reflektere over eige og andre sitt arbeid
  • meistrar kjeldekritikk, hermeneutikk og andre historiske metodar og teknikkar til å analysere fortid og samtid
  • kan komponere ei historisk forteljing med utgangspunkt i kjelder og litteratur
  • kan skrive ein fagtekst om eit historisk tema etter definerte vitskaplege kriterium og basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
  • kan nytte metodisk innsikt til kritisk å vurdere historisk forsking og formidling

Generell kompetanse

Studenten kan ....

  • reflektere kring historikaren si rolle når bilete av fortida vert forma
  • reflektere over utviklinga i historiefagets metodar, perspektiv, formidlingsformer og formål over tid
  • reflektere kring etiske spørsmål
  • formidle kunnskap skriftleg og munnleg, og utveksle synspunkt og erfaringar med andre
  • nytta både kvalitative og kvantitative metodar

Krav til forkunnskapar

Avlagd eksamen i alle emna av første året av bachelor historie eller årsstudium historie.

Undervisnings- og læringsformer

Campusstudentar: Sjølvstudium, førelesingar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.

Nettstudentar: Sjølvstudium, førelesingar og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy og diskusjonsforum, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studenten skal levere inn ei kort skisse med forslag til tema for bacheloroppgåve, innan frister og spesifikasjoner gjevne av faglærar. 

Vurderingsform

Det er to deleksamenar på emnet:

1) Oppgåve, individuell (50% av endeleg karakter). Oppgåva skal vere på mellom 2500 og 3000 ord.

2) Munnleg eksamen, 20 minutt (50% av endeleg karakter). Campusstudentar tek eksamen i Sogndal, nettstudentar på videosamtale.

Dersom ein deleksamen ikkje er greidd, tek ein ny eksamen i den delen. Ved ny eksamen på grunn av stryk på oppgåva skal omarbeidd tekst leverast inn. Ved stryk på andre forsøk må oppgåve med ny problemstilling leverast.

Ved forbetring av karakter må heile emnet må båe deleksamenar takast om att.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Oppgåve: alle

Munnleg eksamen: ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ME520 - Samfunnsvitskapleg metode - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SA512 - Samfunnsvitskapleg- og historievitskapleg metode - Reduksjon: 5 studiepoeng