Hopp til innhald

SO104 Nyare sosiologiske perspektiv

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet fører vidare og utviklar tema frå dei klassiske teoritradisjonane, og skal gje ei forståing av nyare sosiologiske perspektiv og teoribidrag. Studentane får ei vidareføring i makro-sosiologi med vekt på forhold mellom sentrale sosiale institusjonar, og i mikro-sosiologiske tilnærmingar gjennom studiet av sosial samhandling. Sentralt står ulike teoretiske analysar av den sokalla aktør/struktur-debatten og andre teoretiske diskusjonar knytt til sosial endring og orden, mennekesyn, handlingsmotiv og ulike verdi- og rasjonalitetsorienteringar.

Særleg gjev emnet ein introduksjon til nyare sosiologiske teoriar knytt til tema som aukande individualisering, globalisering, digitalisering og kulturell frisetjing.

Læringsutbytte

Etter avslutta emne:

Kunnskapar

  • har studenten brei kunnskap om sosiologiens nyare historie, teoritradisjonar og eigenart mellom andre human- og samfunnsvitskapar
  • kjenner studenten til grunnleggjande sosiologiske omgrep (t.d. grupper, roller, relasjonar, interaksjon, institusjonar, klassar, lagdeling, osb.)
  • har studenten kunnskap om førekomsten av nyare perspektiv på sosiale mønster, prosessar og meiningsdanning

Ferdigheiter

  • Kan kandidaten finne, vurdere og vise til nyare sosiologiske teoritradisjonar i akademisk arbeid
  • kan studenten reflektere over samfunnsprosessar frå ein sosiologisk ståstad
  • kan studenten vurdere og justere eigne faglege arbeid i møte med ny kunnskap og nye faglege tilnærmingar

Generell kompetanse

  • kan studenten formidle sentralt fagstoff og utveksle synspunkt i diskusjon om sosiologiske omgrep og nyare teoritradisjonar
  • har studenten innsikt i den allmenne samfunnsdebatten og kan utveksle erfaringar i denne med utgangspunkt i sosiologisk kunnskap

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

SO103 Klassiske sosiologiske perspektiv

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, sjølvstudium, seminar med gruppearbeid og presentasjonar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking på arbeidsseminar med bidrag til gruppevis oppgåveløysing og presentasjon.

Vurderingsform

Individuell skriftleg heimeeksamen i 7 dagar. Omfang: 3000 ord. Bokstavkarakter A - F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle lovlege hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel