Hopp til innhald

FLE119 Berekraft, sirkulærøkonomi og digitalisering

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Sirkulærøkonomi har blitt eit viktig omgrep i diskusjonen om berekraftig utvikling. Å endra utviklinga i ei meir berekraftig retning ut frå sirkulære prinsipp refererer til nye måtar å organisera økonomien på som kan redusera gapet mellom ressursuttak og gjenbruk. I dag blir ca. 9 prosent av ressursane i verda gjenbrukt i økonomien. Dei resterande 91% endar opp som avfall. Ein overgang til ein sirkulærøkonomi kan endra dette forholdet og redusera behovet for stadig uttak av ikkje fornybare ressursar etter målet om berekraftig utvikling.

Gjennom dette kurset/emnet vil du få ei betre forståing for kva sirkulærøkonomi er og kva omstillingar det å ta vare på materiala i økonomien så lenge som mogleg, kan krevja. Du vil få meir kjennskap til berekraftig utvikling, og korleis digitalisering kan spela ei viktig rolle i ein framtidig sirkulærøkonomi. Temaet sirkulære forretningsmodellar står sentralt og du vil få ei innføring i korleis bransjar og verksemder kan omstilla og/eller innovera i tråd med sirkulære prinsipp.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidatene skal kunna:

▪Kjenne til bakgrunnen for berekraft og sirkulærøkonomi innanfor akademia, politikk og næringsliv med spesiell vekt på industrielle og teknologiske revolusjonar.

▪Ha innsikt i avtaleverk, reguleringar og planar på ulike nivå, inkludert sirkulære initiativ globalt, regionalt, nasjonalt og lokalt. Til dømes EUs grøne giv, EUs taksonomi og Nasjonal Strategi for ein grøn, sirkulær økonomi.

▪Kjenne til sentrale utfordringar knytt til berekraftig vekst som gjeld klimautslepp, ressursmangel og tap av biologisk mangfald, og dessutan kunne skildre hindringar og dilemma ved overgangen til ein sirkulær økonomi.

▪Forklara grunnleggjande omgrep og prinsipp innan berekraftig utvikling og sirkulærøkonomi.

▪Forklara kva sirkulærøkonomi er og korleis sirkulære strategiar, som til dømes design kan bidra til berekraft.

▪Ha god kunnskap om sirkulære forretningsmodellar og innovasjon for utvikling av produkt/tenester, prosessar og marknader. Forstå viktigheita av samarbeid på tvers av sektorar eller bransjar og verksemder som føresetnad for å realisera dette.

▪Kunne skildre samanhengar i verdikjeder og materialstraumar innanfor ulike bransjar og ulike verksemder.

▪Ha kunnskap om digitalisering som mogleggjerande teknologi for sirkulære løysingar.

▪Kjenne til ulike fasilitatorar /akseleratorar for overgang til ein sirkulær økonomi, som verkemiddelapparatet, inkludert sentrale støtteordningar for innovative prosjekt innan sirkulær økonomi (til dømes Innovasjon Noreg, Skattefunn eller FORREGION).

Ferdigheiter

Kandidatane skal kunna:

▪Identifisera eigenskapar ved ein bransje/sektor og potensielle moglegheiter og relevante barrierar for meir sirkulære verksemdspraksisar og industriell symbiose.

▪Analysera verdikjeder og materialstraumar i eiga verksemd, og identifisera moglegheiter for gjennom sirkulære prinsipp og strategiar å halde ressursar lengst mogleg i krinslaupet og med lågast mogleg energibruk.

▪Bidra til å utvikla, fremja og innlemma sirkulære forretningsmodellar i ei verksemd, identifisera område for størst potensiale i ein sirkulær verdisirkel.

▪Kjenne til og kunne fremja forslag om berekraftige endringar ved bruk av prosjektmetodikk, endringsleiing, sirkulære prinsipp og digitalisering/digital teknologi som ein føresetnad/fasilitator/mogleggjerar.

Generell kompetanse

Kandidatane skal kunna:

▪ Forstå betydninga av overgangen til ein sirkulærøkonomi og behovet for meir sirkulære produksjonsprosessar i økonomien og i bedrifter/verksemder.

▪Kjenne til ulike sirkulære strategiar og korleis dei kan endra etablerte forretningsmodellar.

▪Foreslå tiltak og kjenne til døme som utnyttar potensialet for berekraftig forretningsutvikling med utgangspunkt i sirkulærøkonomi.

▪Vurdera ei verksemd sine omgjevnader og behovet/moglegheitene for samarbeid med andre.

▪Ha evne til kritisk refleksjon rundt tema i emnet (til dømes omgrepa økonomisk vekst og grønvasking)

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Fysiske forelesingar/samlingar, øvingar, sjølvstudium og eventuelt gjesteforelesingar/ekskursjonar.

Digitale forelesingar (synskrona og asynkront) i kombinasjon med digitale modular

Case-døme, oppgåver og refleksjonsoppgåver. Podkast og video-materiell

Obligatorisk læringsaktivitet

For å kunna ta eksamen må følgjande arbeidskrav vera oppfylt:

• Gjennomført to gruppevise skriftlege innleveringar

• Gjennomført minst ein gruppevis munnleg/digital presentasjon

Vurderingsform

Ei gruppevis semesteroppgåve (tel 100%): Ei skriftleg innlevering som også kan inkludera bidrag i form av til dømes ein video eller eit bidrag i sosial media.

Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidler er tillatt

Meir om hjelpemiddel