Hopp til innhald

MOØ240 Innovasjon og entreprenørskap i praksis i ein regional kontekst

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Hovudinnhaldet i emnet er 10 veker hospitering (fulltid) i ei oppstartsbedrift, i eit innovasjonsprosjekt i ei etablert verksemd, i eiga studentbedrift knytt til eit inkubatormiljø, i ei næringsklynge, organisasjon eller tilsvarande. I hospiteringsperioden skal studenten samhandle med det entreprenørielle teamet/prosjektmedarbeidarane i innovasjonsprosjektet, og utføre oppgåver som marknadsundersøkingar, investoranalyser, pitching, utvikling av berekraftige forretningsmodellar, kost-nytte analysar av produkt og tenester, analysar av ansvar i innovasjonsprosjekta mv. Gjennom praksisbasert læring får studenten erfaring med å verkeleggjere innovasjon og entreprenørskap, herunder kommersialisering av teknologi mv., og utviklar ferdigheiter og kompetansar knytt til å gjennomføre innovasjons- og entreprenørskapsoppgåver i praksis. Praksisemnet skal også gi erfaring med korleis verksemder er organiserte og leia for å fremme innovasjonen. Organiseringa av hospiteringsperioden blir gjort i samarbeid med det regionale innovasjonsmiljøet og inkubatorar.

For studenter med eigen forretningsidé, legg vi til rette for hospitering i eiga studentbedrift med krav til oppfølging/mentorering i inkubatormiljøet.

Parallelt med hospiteringsperioden i bedrift skal studentane delta på ettermiddagsseminar med gjesteforelesarar frå næringsliv/offentleg sektor. Vi samarbeidar tett med dei regionale klyngene og private/offentlege verksemder for å organisere og gjennomføre seminarrekka

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten...

- har inngående kunnskap om innovasjon og entreprenøriell praksis i ein regional kontekst

- har avansert kunnskap om det regionale innovasjonssystemet, samhandling, aktørar og dynamikk i dei est sentrale næringane i regionen

- har avansert kunnskap om ulike organisasjonsformer for innovasjon og entreprenørskap

Ferdigheiter

Studenten...

- kan identifisere viktige økonomiske, miljømessige og/eller samfunnsmessige utfordringar med innovasjon og kommersialisering hos oppstartsbedrifter og etablerte bedrifter i næringsliv/offentlig sektor.

- kan gjennomføre/iverksette sentrale innovasjons- og entreprenørskapsoppgaver for en oppstartsbedrifter eller i etablerte bedrifter.

- kan bruke egne erfaringer med praksisbasert læring og reflektere kritisk over egen entreprenøriell læring.

- kan vurdere ulike aspekt ved organisasjon og leiing som fremmer eller hemmar innovasjon og entreprenørskap

Generell kompetanse

Studenten...

- kan analysere og reflektere kritisk over innovasjon og entreprenøriell praksis i ulike bransjar i offentleg og privat sektor, herunder berekraft og ansvar i innovasjonsprosessar, entreprenøriell læring og strategiar.

- har innsikt i sentrale utfordringar hos oppstartsbedrifter/entreprenørar og etablerte verksemder, og kan utføre entreprenørskapsoppgåver i ei oppstartsbedrift / eit innovasjonsprosjekt

- kan anvende teoretisk kunnskap til praktisk gjennomføring, og anvende flerfagleg kunnskap i ein tverrfagleg samanheng

- Har innsikt i ulike rammvilkår for innovasjon i offentleg og privat sektor

Krav til forkunnskapar

Studiets opptakskrav

Tilrådde forkunnskapar

MOØ234 Innovation Management and The Corporate Startup

Undervisnings- og læringsformer

Emnet skal gi studentane praksisbasert entreprenøriell læring i bedrifter og innovasjonsprosessar i ein regional kontekst. Studenten vil få oppfølging av ein mentor i bedrifta og av emneansvarleg/faglærarar. Læringa er studentaktiv og handlingsorientert, gjennom samhandling med entreprenøren/medarbeidarar og gjennom utføring av innovasjons- og entreprenørskapsoppgåver. Læringsarenaen er bedrifta i eit større inkubatormiljø eller eit innovasjonsprosjekt i ei etablert verksemd i regionen. Vidare skal studentane delta på ettermiddagsseminar ei gong i veka, kor gjesteforelesarar frå regionalt næringsliv/offentleg sektor presenterer ulike casar og anvendte forståingar av regional praksis og bedriftspraksisar.

Det blir forventa at studentane er aktive og stiller spørsmål på seminara, samt at dei deltek i diskusjonar og refleksjonar rundt tema for seminara. Faglærarane bidreg også på seminara med å fasilitere dialog og diskusjonar, i tillegg til å kople diskusjonane til relevant litteratur/teori.

Gründer i hospiteringsbedrifta eller prosjektleiar for innovasjonsprosjektet skal fungere som mentor og gi studenten munnlege tilbakemeldingar på korleis dei løyser innovasjons- og entreprenørskapsoppgåvene, forbetringspunkt, personleg meistring og utvikling (samtalar i 3., 6. og 9. uke). Når hospiteringsperiode er over skal mentor utarbeide ein skriftleg attest til praksisstudenten.

Studentane skal skrive logg/dagbok undervegs i hospiteringsperioden om erfaringar og refleksjonar de gjer seg i hospiteringsperioden. Studentane skal skrive éin refleksjonsrapport om eiga entreprenøriell læring/praksis. Emnet blir avslutta med ein munnleg eksamen med fokus på regional entreprenøriell praksis og eiga entreprenøriell læring.

I løpet av praksisperioden skal studentene gruppevis delta på to obligatoriske refleksjonssamlingar. Samlingane skjer på ettermiddagen (2 timar). Den første er saman med heile klassen, den andre er i grupper på 4-6 studentar. Første refleksjonssamling vil vere eit introduksjonsseminar om refleksjon i praksislæring, som teoretisk analysereiskap for å styrke refleksjonsnivået og konkret rettleiing for refleksjonsskriving, skrive logg o.a. ("reflective writing"). Den andre refleksjonssamlingen skjer andre halvdel av praksislæringa/praksisperioden. Alle studentane får individuell rettleiing på utkast til refleksjonsrapport.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende for at kandidaten kan framstille seg til vurdering/eksamen:

- Obligatorisk hospitering i bedrift, dvs. full arbeidsveke i 10 veker.

- Obligatorisk oppmøte og aktiv deltaking på ettermiddagsseminara.

- Obligatorisk oppmøte på to seminar om refleksjon og refleksjonsskriving.

Godkjende arbeidskrav er gyldige i eksamenssemesteret og i det påfølgjande semesteret.

Vurderingsform

Vurderinga er todelt og består av ei skriftleg innlevering (1 refleksjonsrapport) og ein munnleg eksamen.

Studenten skal skrive ein refleksjonsrapport som tel 60 %. Her skriv studenten om eiga entreprenøriell læring eller korleis å organisere for innovasjon og entreprenørskap (10-12 sider).

Refleksjonsrapportane skal bli levert digitalt 2 veker etter praksisperioden.

Munnleg eksamen (30-40 minutt) tel 40 % av den totale vurderinga. Denne finn stad seinast veka etter praksisperioden.

Karakterskala er A-F der F er ikkje bestått

Hjelpemiddel ved eksamen

Refleksjonsrapport: Alle hjelpemiddel er tillatt

Munnleg eksamen: Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • MSB107 - Innovasjon og entreprenørskap i praksis - Reduksjon: 20 studiepoeng