Hopp til innhald

RE6-2005 Utvikling og leiing av arrangement

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Events og MICEE segmentet er ein viktig del av reiselivsnæringa og kunnskap om dette samt utvikling og leiing av events er sentralt i dag. Å kunne utnytte lokale ressursar i produktutvikling på destinasjonen og tilby noko unikt vil vere eit viktig konkurransefortrinn i dagens marknad..

Dette emnet er praktisk orientert og skal gje kunnskap om dei ulike typar events som gjerne blir referert til i reiselivsnæringa, dvs. møter, kurs, konferanse, kongressar, incentiv-reiser, utstilling og messer samt arrangement generelt.

Ved å ta del i utvikling og planlegging av eit arrangement skal studenten lære seg praktisk gjennomføring av arrangement.

Sentrale tema i emnet er:

  • Kjenneteikn ved ulike events
  • Trendar i marknaden
  • Grunnleggjnde forståing om kurs, konferanse, kongressar, incentiv-reiser, utstilling og messer og arrangemeng
  • Attraksjonskraft til eit event
  • Organisering og leiing
  • Tema, opplevingsverdi og konsept
  • Frivllige og leiing av dei
  • Sponsorar
  • Marknasdsføring, PR og media
  • Eigarskap og styring
  • Økonomi
  • Ringverknader
  • Events i strategisk destinasjonsutvikling
  • Evaluering

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten:

Kunnskap

  • ha kunnskap til omgrepet Micee (meetings, incentives, conferences, events, exhibitions)og definere innhaldet i møter, kongress og konferanse, arrangement, utstilling/messer og incentiv reiser og kva som kjenneteiknar desse
  • ha kunnskap kring marknaden for Micee både i eit globalt perspektiv og nasjonalt
  • ha kunnskap om møter og arrangement si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
  • ha kunnskap om korleis ein planlegg og utviklar events

Ferdigheiter:

  • kunne planlegge og utvikle eit event fra ide til evaluering
  • Generell kompetanse
  • Kandidaten kan finne, bruke og vise til relevant informasjon og fagstoff om events og framstille det slik at det løyser ei problemstilling
  • Lære samanhengen mellom berekraftig reiseliv og events
  • Reflektere over rolla til arrangement i eit destinasjonsperspektiv
  • Reflektere over rolla til arrangement i eit bedriftsperspektiv

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

RE6-1000 Reiselivskunnskap

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppeoppgåver og seminar med meir

Obligatorisk læringsaktivitet

Inntil 3 arbeidskrav.

Eit av arbeidskrava er å utvikle og planlegge eit event på skulen med inntil 20 - 30 timar per student.

Vurderingsform

Skriftleg heimeeksamen i gruppe (2-4 stk), ei veke, 100%.

Karakter: A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • RE6-2009 - Event Management 2 - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
  • RE6-2007 - Event Management 1 - Reduksjon: 7,5 studiepoeng