ØAL115 Supply Chain Management
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Innhald og oppbygning
Kurset fokuserer på forsyningskjede-avgjerder og korleis desse påverkar verksemders resultat. Å forstå strategisk tilpassing og korleis ulike verkemiddel her kan nyttast, er nøkkelen til suksess for mange forsyningskjeder. Logistiske teknikkar og verktøy for kjededesign, planlegging, drift, kommunikasjon og koordinering blir gjennomgått.
Dei teoretiske kunnskapane herifrå, og dessutan frå tidlegare logistikkfag, skal vidare "praktiserast" gjennom arbeid med ei gruppebasert semesteroppgåve. Den overordna målsetjinga til kurset er å gi studentane kunnskapar om- og forståing for nødvendigheita av heilskapstenking og effektiv samhandling mellom aktørane i forsyningskjeda.
Innhald
• Forsyningskjedens element, drivkrefter og suksesskriterium
• Forsyningskjededesign
• Planlegging og koordinering av drifta i forsyningskjeder
• Handtering av uvisse og styring av skalafordelar
• Tverrfunksjonelle emnar knytt til sourcing, prising, IKT og berekraft
Læringsutbytte
Læringsutbytte
Studentene skal etter å ha gjennomført og bestått dette kurset ha tileigna seg:
Kunnskapar om
• utfordringar knytt til styring av forsyningskjeder
• nødvendigheita av heilskapstenking og god flyt i forsyningskjeda
• viktigheita av informasjonsdeling og samhandling mellom kjedeaktørane
Ferdigheiter til
• praktisk bruk av teoriar og modellar for planlegging og analyse av forsyningskjeder
• å kunne nytte relevante analyseteknikkar innan forsyningskjedestyring
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Klasseroms undervisning, gruppearbeid og arbeid med semesteroppgåve.
Obligatorisk læringsaktivitet
1 gruppebasert obligatorisk arbeidskrav må vere bestått før eksamen kan takast.
Godkjent arbeidskrav er gyldig i eksamenssemesteret og 3 etterfølgjande semester.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen (20 minutter). Tel 100%.
Tid og stad blir opplyst på Canvas.
Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel