ØAO016 Strategi og verksemdsutvikling
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Kurset gjev ei innføring i grunnleggande strategiske perspektiv og analyser. Gjennom kurset vil studentane opparbeide seg kunnskap om strategiske metodar og utvikle ei forståing for strategiske tenking. Vidare vil kurset gje studentane ei innføring i grunnleggande verksemdutvikling.
Studentane vil jobbe i grupper med to arbeidskrav og ei semesteroppgåve. Desse er utforma slik at studentane får øvd på å anvende kunnskapane, ferdigheitene og dei generelle kompetansane skildra under.
Læringsutbytte
Studentane vil etter å ha gjennomført og bestått emnet ha tileigna seg kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse som skildra under:
Kunnskapar:
- Ha tileigna seg god innsikt i strategiske problemstillingar.
- Ha tileigna seg innsikt i kva som skal til for å fatte strategiske avgjersler, og korleis desse blir påverka av interne og eksterne forhold, samt berekraft, samfunnsansvar og etikk.
- Ha kunnskap om ulike strategiske tilnærmingar basert på eksterne og interne analyser.
- Ha ei forståing av korleis verksemdsutvikling heng saman med andre fagområde som t.d. økonomistyring, logistikk, organisasjon og marknadsføring.
- Ha kunnskapar om korleis strategi og verksemdsutvikling heng saman og blir påverka av interne og eksterne forhold.
- Ha kunnskapar om korleis ein kan identifisere moglegheiter for verksemdsutvikling, og korleis ein kan legge til rette for utnytting av desse.
Ferdigheiter:
- Kunne formulere ein visjon og ei forretningsidé for ei verksemd.
- Kunne gjennomføre ein strategisk analyse av ei verksemd (eksternt og internt), og kunne diskutere korleis innsikt frå denne påverkar val og implementering av strategi.
- Kunne identifisere og analysere kva element som er viktige for ei verksemd si evne til å skape verdi over tid.
- Kunne identifisere ei verksemd si forretningsidé og -modell, viktige utfordringar internt og eksternt, kva som er viktig for verksemda si verdiskaping, samt verksemda sin verdikonfigurasjon.
- Kunne identifisere og drøfte problemstillingar knytt til strategiske val og operasjonalisering av strategi, mellom anna knytt til etikk, samfunnsansvar og berekraft.
Generell kompetanse:
- Forstå̊ betydinga av strategi for den løpande drifta av ei verksemd.
- Evne til kritisk refleksjon rundt tema i emnet.
- Evne å presentere fagstoff og analyse både skriftleg og munnleg.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Kunnskapar tilsvarande grunnleggande marknadsføring (t.d. BØA116) og grunnleggande organisasjonsfag (f.eks. BØA112). Noko forkunnskapar i samfunnsøkonomi og bedriftsøkonomi er ein fordel.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesningar, gruppearbeid og praktiske øvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
For å få lov til å levere semesteroppgåve må følgande to arbeidskrava vere bestått:
- Ei skriftleg gruppeoppgåve.
- Eit skriftleg eller munnleg gruppearbeid som skal delast med klassen.
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i 3 påfølgande semester.
Vurderingsform
Semesteroppgåve som skal løysast i gruppe (100 % av endeleg karakter)
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel