Hopp til innhald

ØAL150 Internship Logistikk

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Internship kombinerer praktisk og teoretisk arbeid og blir gjennomført individuelt i samarbeid med ei verksemd/organisasjon (privat, offentleg eller frivillig organisasjon) der studenten har praksisen sin. Studenten er sjølv ansvarleg for å skaffa seg praksisplass. Arbeidsoppgåvene kan vera knytt til dagleg drift, eller studentane kan få ansvar for ei bestemd oppgåve/eit delprosjekt knytt til fagområdet logistikk. Mandat for samarbeidet skal vera definert av oppdragsgivar og godkjent av HVL. Studentane arbeider sjølvstendig under rettleiing av oppdragsgivar og fagleg rettleiar frå høgskulen.

Studenten skal levera ei skriftleg praksisoppgåve ved slutten av vårsemesteret. Rapporten er eigd av studenten, oppdragsgivar (verksemd/organisasjon) og HVL. Rettleiarar eller andre kan ikkje påleggja studenten offentleggjering ved bibliotek, internett eller andre stader, i trykt- eller elektronisk form, utan kandidatens- og oppdragsgivars samtykke.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten:

  • kunne arbeida sjølvstendig og ansvarleg med god framdrift, slik at tildelte oppgåver kan utføras innan gitte tidsfristar
  • ha god kunnskap om dei viktigaste operative funksjonane og prosessane i verksemda/organisasjonen og samhandlinga mellom desse
  • ha oversikt over sentrale leiings- og styringssystem hos oppdragsgivar
  • kunne nytta teoretisk kunnskap frå studiet i ein reell arbeidssituasjon - og sjå samanhengen mellom teori og praksis
  • kunne utarbeida ein fagleg god, ryddig og effektiv praksisoppgåve
  • kunne kommunisera og presentera eit fagleg arbeid
  • visa evne til å reflektera over eiga utvikling

Krav til forkunnskapar

For bachelorstudentar gjeld følgjande: Studentane må ha bestått minst 97,5 studiepoeng før oppstart av femte semester for å få gjennomføre Internship.

For årsstudium studentar gjeld følgjande: godkjent opptak på eittårig årsstudium logistikk

Undervisnings- og læringsformer

Hovudaktiviteten i emnet er praksis ute hos oppdragsgivar. Praksisperioden er fundert på ein avtale mellom studenten og verksemda/organisasjonen om obligatorisk oppmøte på avtalte dagar. Studenten skal arbeida totalt 240t/32 dagar i praksis. Dette svarer til to dagar i veka gjennom semesteret, men student og bedrift står fritt til å avtale andre kombinasjonar.

Mandat for samarbeidet skal innan oppstarten i praksisperioden vera definert av oppdragsgivar og godkjent av HVL.

Studenten blir føresett å jobba minimum 160 timar individuelt med rapport og refleksjonsnotat i tillegg til praksisperioden ute i verksemda.

Studenten får ikkje betaling for praksisarbeidet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Eigen prosess for godkjenning av Internship med søknadsbrev, CV og kontrakt med oppdragsgivar etter gitte retningslinjer.

Vurderingsform

Skriftleg praksisoppgåve (inkludert refleksjonsnotat) karaktersettes separat før justerande munnleg eksamen. Både skriftleg og munnleg del må vera bestått for å bestå emnet. Sensur blir gjennomført av to sensorar, og ein ekstern.

Innleveringsfrist for praksisoppgåva blir publisert på Studentweb og via digitalt eksamenssystem, Wiseflow.

Karakter på praksisoppgåva blir registrert i Wiseflow av sensorane og blir formidla til student seinast 24 timar før munnleg eksamen.

Sluttkarakteren på praksisoppgåva er identisk med karakteren som kjem fram av eksamensprotokoll for "justerande munnleg" og blir også registrert av sensorane i Wiseflow. Sluttkarakter blir sett etter munnleg eksamen.

Tid og stad for munnleg eksamen blir oppgitt i Canvas (berre for studentar på 3.året med fordjuping i logistikk + årseining i logistikk)

Karakteren på praksisoppgåva kan etter munnleg eksamen justerast opp eller ned éin karakter. Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått.

Underkjend praksisoppgåve

Studentar som har strøket på praksisoppgåva kan levera ny og forbetra versjon i løpet av kommande semester. Forbetra versjon kan berre leverast ein gong.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ved munnleg eksamen: Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ØKB3150 - Praksis - Økonomi og administrasjon - Reduksjon: 10 studiepoeng