Hopp til innhald

ØAO016 Strategi og verksemdsutvikling

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Kurset gjev ei innføring i grunnleggande strategiske perspektiv og analyser. Gjennom kurset vil studentane opparbeide seg kunnskap om strategiske metodar og utvikle ei forståing for strategiske tenking. Vidare vil kurset gje studentane ei innføring i grunnleggande verksemdutvikling.

Studentane vil jobbe i grupper med to arbeidskrav og ei semesteroppgåve. Desse er utforma slik at studentane får øvd på å anvende kunnskapane, ferdigheitene og dei generelle kompetansane skildra under.

Læringsutbytte

Studentane vil etter å ha gjennomført og bestått emnet ha tileigna seg kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse som skildra under:

Kunnskapar:

  • Ha tileigna seg god innsikt i strategiske problemstillingar.
  • Ha tileigna seg innsikt i kva som skal til for å fatte strategiske avgjersler, og korleis desse blir påverka av interne og eksterne forhold, samt berekraft, samfunnsansvar og etikk.
  • Ha kunnskap om ulike strategiske tilnærmingar basert på eksterne og interne analyser.
  • Ha ei forståing av korleis verksemdsutvikling heng saman med andre fagområde som t.d. økonomistyring, logistikk, organisasjon og marknadsføring.
  • Ha kunnskapar om korleis strategi og verksemdsutvikling heng saman og blir påverka av interne og eksterne forhold.
  • Ha kunnskapar om korleis ein kan identifisere moglegheiter for verksemdsutvikling, og korleis ein kan legge til rette for utnytting av desse.

Ferdigheiter:

  • Kunne formulere ein visjon og ei forretningsidé for ei verksemd.
  • Kunne gjennomføre ein strategisk analyse av ei verksemd (eksternt og internt), og kunne diskutere korleis innsikt frå denne påverkar val og implementering av strategi.
  • Kunne identifisere og analysere kva element som er viktige for ei verksemd si evne til å skape verdi over tid.
  • Kunne identifisere ei verksemd si forretningsidé og -modell, viktige utfordringar internt og eksternt, kva som er viktig for verksemda si verdiskaping, samt verksemda sin verdikonfigurasjon.
  • Kunne identifisere og drøfte problemstillingar knytt til strategiske val og operasjonalisering av strategi, mellom anna knytt til etikk, samfunnsansvar og berekraft.

Generell kompetanse:

  • Forstå̊ betydinga av strategi for den løpande drifta av ei verksemd.
  • Evne til kritisk refleksjon rundt tema i emnet.
  • Evne å presentere fagstoff og analyse både skriftleg og munnleg.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Kunnskapar tilsvarande grunnleggande marknadsføring (t.d. BØA116) og grunnleggande organisasjonsfag (f.eks. BØA112). Noko forkunnskapar i samfunnsøkonomi og bedriftsøkonomi er ein fordel.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, gruppearbeid og praktiske øvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

For å få lov til å levere semesteroppgåve må følgande to arbeidskrava vere bestått:

  1. Ei skriftleg gruppeoppgåve.
  2. Eit skriftleg eller munnleg gruppearbeid som skal delast med klassen.

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i 3 påfølgande semester.

Vurderingsform

Semesteroppgåve som skal løysast i gruppe (100 % av endeleg karakter)

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel