Hopp til innhald

ØKB2117 Entreprenørskap

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Introduksjon til entreprenørskap med fokus på forretningsideutvikling, gjennomføringsstrategi og utarbeiding av ein god verksemdbeskrivning i form av ein forretningsplan. Fokus på berekraftig entreprenørskap.

Læringsutbytte

Kunnskaper

Studenten:

  • Kan gjere greie for kunnskap om forretningsidear, kundeverdi, marknad, etableringsprosessen, entreprenørielt sal, marknadsføring og finansiering av oppstartsbedriftar.
  • Forstår verdien av og sammenhengen mellom kundeverdi og produkt/løysnng som grunnlag for ny verksemd.

Ferdigheter

Studenten:

  • Kan formulere ein forretningsidé med tilhøyrande forretningsmodell og har kunnskap rundt realiseringa av desse.
  • Har vidareutvikla formulerings-, framførings- og analytiske ferdigheiter knytta til fagområdet entreprenørskap.

Generell Kompetanse

Studenten:

  • Kan bruke ei kritisk analytisk evne til å undersøkje bidrag av ulike roller i eit entreprenør-team i oppstarts-, små- og mellomstore bedriftar i ulike samanhengar.
  • Kjennar til føremålet og logikken bak ein verksemsbeskrivning i form av ein forretningsplan og kan utarbeide denne.
  • Kan relatera entreprenørskao til FN sine bærekraftsmål

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing og gruppearbeid med rettleiing og milepælsoppfølgning. Utarbeiding og presentasjon av ein forretningsplan.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane får i oppdrag å komme opp med sine forretningsidear og utvikle denne gjennom utarbeiding av ein forretningsplan. Studentane skal levera eit utkast til forretningsplanen. Utkastet kan leverast anten individuelt eller i grupper på inntil 3 studentar.

Vurderingsform

Studentane skal levera ein forretningsplan. Forretningsplanen kan leverast anten individuelt eller i grupper på inntil 3 studentar.

Prosjekt, 100%

Karakterskala A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel