Hopp til innhald

DAT259 Utvalde emne i programvareutvikling

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet tar for seg aktuelle tema innan programvareutvikling eller nært nærskylde tema.

Pensum skal vere på same nivå som for vidarekomne emne. Det skal ikkje fokusera spesifikt og berre på masteroppgåva eller være direkte teknisk støtte eller nødvendig litteratur for oppgåva.

Pensum må godkjennast av programstyret for fellesgraden i programvareutvikling før emnet er tilbydd.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal kandidaten...

Kunnskap

  • har kunnskap om konsepta, metodar og teknologiplattformer i temaa som dekkes av spesialpensumet.
  • kan forklare utviklinga i det vitskapelege området og i ingeniørmetodar i temaa som dekkes spesialpensumet.

Ferdigheiter

  • kan planlegge og sjølvstendig gjennomføre anvendt forskingsarbeid eller praktiske prosjekter innan temaa som dekkes av spesialpensumet
  • kan gjennomføre forskingsarbeid og relatere det til etablert kunnskap i temaa som dekkes av spesialpensumet
  • kan bruke vitskaplege metodar for å vurdere, evaluere og samanlikne programvareverktøy og -rammeverk som er aktuelle innan temaa som dekkes av spesialpensumet

Generell kompetanse

  • kan delta i diskusjonar, praktiske prosjekter og forskingssamarbeid innan temaa som dekkes av spesialpensumet

Krav til forkunnskapar

Generelle opptakskrav for fellesgraden i programvareutvikling.

Undervisnings- og læringsformer

Sjølvstudium under rettleiing, beståande av litteraturstudiar og eventuelt også prosjektarbeid. Litteraturen veljast av rettleiar. Emnet har en forventa arbeidsmengde på rundt 270 timar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatoriske oppgåver som skal leverast på gitte fristar. Prosjektarbeid kan inngå i sluttevalueringa.

Vurderingsform

Munnleg eksamen med karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel