Hopp til innhald

ESB112 Sirkulær økonomi

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Sirkulærøkonomi har blitt eit viktig omgrep i diskusjonen om berekraftig utvikling. Å endra utviklinga i ei meir berekraftig retning ut frå sirkulære prinsipp refererer til nye måtar å organisera økonomien på som kan redusera gapet mellom ressursuttak og bruk. I dag blir ca. 9 prosent av ressursane i verda gjenbrukt i økonomien. Dei resterande 91% endar opp som avfall. Ein overgang til ein meir sirkulær økonomi kan endra dette forholdet og redusera behovet for stadig uttak av ikkje fornybare ressursar etter målet om berekraftig utvikling.

Gjennom dette emnet vil du få ei betre forståing for kva sirkulærøkonomi er og kva omstillingar det å ta vare på materiala i økonomien så lenge som mogleg, kan krevja. Du vil få meir kjennskap til berekraftig utvikling, og korleis digitalisering kan spela ei viktig mogleggjerande rolle i ein framtidig sirkulærøkonomi. Temaet sirkulære forretningsmodellar står sentralt og du vil få ei innføring i korleis bransjar og verksemder kan omstilla og innovera i tråd med sirkulære strategiar og prinsipp.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Kandidatene skal kunne

  • Forklare grunnleggande prinsipp og begrep innan bærekraft og sirkulær økonomi.
  • Forklare hva sirkulær økonomi er og korleis sirkulære løysingar kan bidra til berekraft.
  • Ha kunnskap om sentrale internasjonale, nasjonale og regionale avtaler, initiativ, reguleringar, og forstå utfordringar og mogleigheiter knytta til dette for ein bedrift/virksomhet, herunder FNs bærekraftsmål.
  • Ha gode kunnskap om sirkulære strategiar og korleis bruke disse for å utvikle nye produkt/tjeneste, prosessar og marknader.
  • Ha kunnskap om kva som kan gjere overgang til mer sirkulær økonomi mogleg.
  • Ha kjennskap til kva som kan sette fart på overgangen til økt sirkularitet.

Ferdigheiter:

Kandidatene skal kunne

  • Identifisere forhold ved ein bransje/sektor, og kva moglegheiter og hinder dette kan representere for ein bedrift/virksomhet si utvikling i ein meir sirkulær retning.
  • Analysere verdikjedar og komme med forslag til korleis ressursar kan haldast i kretsløpet lengst mogleg og med eit lavt energibruk.
  • Identifisere og foreslå endringar for ein bedrift/virksomhet sin forretningsmodeller med spesielt fokus på berekraftige- og sirkulære forretningsmodellar.
  • Kjenne til og kunne fremme forslag om berekraftige endringar ved bruk av f.eks. prosjektmetodikk.

Generell kompetanse

Studentene skal kunne:

  • Forstå betydninga av overgangen til ein sirkulærøkonomi og behovet for meir sirkulære verdikjedar i økonomien og i bedrifter/verksemder.
  • Kjenne til ulike sirkulære strategiar og korleis dei kan endra etablerte forretningsmodellar.
  • Foreslå tiltak og kjenne til døme som utnyttar potensialet for berekraftig forretningsutvikling med utgangspunkt i sirkulær økonomi.
  • Vurdera ei verksemd sine omgjevnader og behovet/moglegheitene for samarbeid med andre.
  • Ha evne til kritisk refleksjon rundt tematikk i emnet (til dømes omgrepa økonomisk vekst og grønvasking)

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

  • Fysiske og digitale forelesingar, i kombinasjon med digitale moduler
  • Seminar, deltagelse på arrangementer, gjesteforelesninger, bedriftsbesøk og/eller workshop.
  • Problembasert læring gjennom case og eksempel
  • Veiledning

Obligatorisk læringsaktivitet

For å kunna ta eksamen må følgjande tre arbeidskrav vera oppfylt:

• Gjennomført to gruppevise skriftlege innleveringar

• Gjennomført ein gruppevis munnleg/digital presentasjon

Vurderingsform

Ei gruppevis semesteroppgåve (tel 100%): Ei skriftleg innlevering som også kan inkludera bidrag i form av til dømes ein video eller eit bidrag i sosial media.

Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel