Hopp til innhald

MKUF550 Masteroppgåve

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Masteroppgåva er eit sjølvstendig og rettleia forskingsarbeid der studenten undersøker eit problemområde innanfor studieretningsfaget. Gjennom arbeidet skal studenten utvikle og behandle sjølvvalde problemstillingar på ein systematisk, vitskapleg og analytisk måte innanfor det kunstfagdidaktiske forskingsområdet og knytte desse til relevante teoretiske, metodologiske, etiske og estetiske perspektiv. Masterarbeidet kan ha ein praktisk-utøvande del. Den praktisk-utøvande delen kan vera kunstnarleg, performativ, didaktisk eller pedagogisk retta. Masterprosjektet kan vera del av eit større forskingsprosjekt ved institusjonen. Det kan gjennomførast som eit individuelt arbeid eller som eit samarbeid mellom to kandidatar.

Ved gjennomføring av masterarbeidet kan studentane velje mellom tre ulike alternativ:

Variant 1: Masterarbeid basert på ikkje-etterprøvbar praktisk-utøvande verksemd

Masteroppgåva består av ein skriftleg del (15000 - 20000 ord) og eit ikkje-etterprøvbart praktisk/kunstnarisk arbeid. Den skriftlege delen av masteroppgåva skal innehalde ein fagleg, didaktisk og vitskapleg refleksjon over det praktiske arbeidet i prosjektet. Det skal i samband med arbeidet nyttast relevante metodar for å utforme eit praktisk/kunstnarisk arbeid. Dersom to kandidatar samarbeider om oppgåva er krav til omfang 35000 - 43000 ord.

Variant 2: Masterarbeid med etterprøvbar praktisk-utøvande verksemd

Masteroppgåva består av ein skriftleg del (15000 - 20000 ord) og eit etterprøvbart praktisk/kunstnarisk arbeid som utgjer ein vesentleg del av masterprosjektet. Den skriftlege delen av masteroppgåva skal innehalde ein fagleg, didaktisk og vitskapleg refleksjon over det praktiske arbeidet i prosjektet. Det skal i samband med arbeidet nyttast relevante metodar for å utforme eit kunstfagleg/kunstfagdidaktisk forskingsarbeid. Dersom to kandidatar samarbeider om oppgåva er krav til omfang 35000 - 43000 ord.

Variant 3: Masterarbeid utan praktisk-utøvande verksemd

Studentane skal produsere ei skriftleg masteroppgåve (20000 - 30000 ord) knytt til kunstfagdidaktisk teori og praksis innanfor studieretningsfaget. Dersom to kandidatar samarbeider om oppgåva er krav til omfang 45000 - 57000 ord.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap 

Studenten

  • har inngåande kunnskap om teori og metode i eige masterarbeid innan studieretningsfaget 
  • har inngåande kunnskap om forskingsetiske spørsmål og retningslinjer 
  • har inngåande kunnskap om kunstfagdidaktisk forsking og kunstfaglege forskingsformer 

Ferdigheiter 

Studenten kan  

  • kan problematisere og drøfte problemstillingar og forskingsspørsmål knytt til eige og andre sitt masterarbeid 
  • kan gi ei tydelig, samanhengande og presis framstilling av eige forskingsarbeid  
  • kan gjennomføre eit profesjonsretta, sjølvstendig, systematisk og avgrensa kunstfagdidaktisk forskingsprosjekt 

Generell kompetanse 

Studenten 

  • beherskar sentrale uttrykksformer i studieretningsfaget 
  • kan formidle sentrale funn frå eige prosjekt    
  • kan gjennom analytisk og kritisk tenking ta kvalifiserte val knytt til planlegging og gjennomføring av eige masterprosjekt 
  • kan drøfte og kritisk reflektere over eige masterarbeid frå eit metaperspektiv 
  • kan plassere masteroppgåva i forskingsfeltet og tydeleggjere eige bidrag til feltet 

Krav til forkunnskapar

Alle andre emne i studiet må vera bestått før ein kan avlegge eksamen i masteroppgåveemnet. Masterskissa må vera godkjent før ein startar på masteroppgåveemnet.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidet i emnet er basert på sjølvstudium, rettleiing (individuelt og i grupper), studentframlegg, seminarverksemd og fellessamlingar med fokus på studentane sine masterprosjekt og relevante tema for masterarbeidet. Det blir inngått forpliktande rettleiingsavtalar for og i samråd med kvar enkelt student. Som del av emnet vil det bli gitt moglegheit for deltaking på lokale, nasjonale og internasjonale forskingsseminar med framlegg av eige prosjekt. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktiviteter må vere godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Aktiv deltaking på obligatoriske seminar gjennom framlegg av eige prosjekt og tilbakemelding til medstudentar  
  • Godkjent gjennomføring av rettleiing 
  • Der det er relevant må det foreligge godkjenning frå SIKT før oppstart av datainnsamling   
Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg melding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gong) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte frister, men seinast tre veker før eksamensperioden starter.

Vurderingsform

Variant 1: Masteroppgåve basert på ikkje-etterprøvbar praktisk-utøvande verksemd

  • Eksamensdel 1: Praktisk-utøvande eksamen (50 %)
  • Eksamensdel 2: Skriftleg masteroppgåve (50 %)
  • Justerande munnleg eksamen knytt til eksamensdel 2

I forkant av eksamensdel 1 skal kandidaten levere ein tekst som skildrar intensjon/problemstilling og gjer greie for korleis refleksjonar knytt til det praktiske er tenkt integrert i den skriftlege masteroppgåva.

Den skriftlege masteroppgåva skal innehalde ei skildring av det praktisk-utøvande materialet. Dokumentasjon av det praktisk-utøvande arbeidet (i form av ein digital katalog, videoopptak frå konsert eller liknande) skal leggast ved den skriftlege masteroppgåva. Justerande munnleg eksamen inneheld open presentasjon av masteroppgåva og lukka fagsamtale med sensorane.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Begge eksamensdelane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.

Dersom masteroppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i løpet av dei to påfølgjande semestra. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny masteroppgåve.

Variant 2: Masteroppgåve basert på etterprøvbar praktisk-utøvande verksemd

Studenten leverer ei skriftleg avhandling og eit etterprøvbart praktisk arbeid som del av vurderingsgrunnlaget. Vurderinga baserer seg på en heilskapsvurdering av praktisk utøvande- og skriftleg komponent.

Den skriftlege masteroppgåva skal innehalde ei skildring av det praktisk-utøvande materialet. Dokumentasjon av det praktisk-utøvande arbeidet (i form av ein digital katalog eller liknande) skal leggast ved den skriftlege masteroppgåva. Justerande munnleg eksamen inngår i eksamen. Denne eksamensdelen inneheld open presentasjon av masteroppgåva og lukka fagsamtale med sensorane.

Variant 3: Masteroppgåve utan praktisk-utøvande verksemd

Eksamen består av skriftleg masteroppgåve og justerande munnleg eksamen. Justerande munnleg eksamen inneheld open presentasjon av masteroppgåva og lukka fagsamtale med sensorane.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Dersom masteroppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i løpet av dei to påfølgjande semestera. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny masteroppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel