MSB205 Boligmarknadsøkonomi og anvendt spatial økonometri
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet består av to delar: Bustadøkonomi og anvend romleg økonometri. Desse to delane er forklarte nedanfor:
Bustad er ei viktig velferdsgode. Ho utgjer ein stor del av den samla formuen til hushald, og ho er viktig for landet sin økonomi totalt sett. Dette gjeld særleg i eit land som Noreg, der delen som eig si eiga bustad er høg. Kunnskap om korleis bustadmarknadene fungerer er difor viktig. Vi vil hovudsakleg bruke ein anvend mikroøkonomisk tilnærming. Kurset startar med den grunnleggjande marknadsmodellen for etterspurnad og tilbod, samt partielle likevektsløysingar. Bustadmarknader er spesielle samanlikna med mange andre marknader, og den tradisjonelle marknadsmodellen må difor nyanserast når vi studerer denne marknaden. Dei viktigaste særtrekkja er heterogenitet, immobilitet og at bustad er eit varig gode. Vi vil studere modellar som mellom anna fokuserer på geografiske mønster i bustadprisar, og vi vil i særleg grad fokusere på den hedoniske modellen. Sidan bustad både er eit konsum- og investeringsgode, vil vi òg studere teori om brukarkostnadene, val av disponeringsform, samt fundamentale forhold i økonomien som forklarer bustadprisane.
Økonometriske analyser av romlege data har ei relativt lang historie i samfunnsvitskapen, samstundes som det er eit felt som har utvikla seg raskt i seinare år. Essensen i romlege analysar er at avstand, lokalisering og geografiske interaksjonar er viktige. Når ein studerer by-, regional- og bustadøkonomi bør ein difor kjenne til grunnleggjande metodar og programvare for å analysere denne typen data. Kurset tek for seg korleis ein brukar open kjeldekode-programvare (GIS-verktøy og R) for å importere og eksportere data, datahandtering og visualisering (kartlegging og mål på korrelasjon). Ulike typar romlege data som vanlegvis vert brukt vil bli presenterte, som punktmønster og rutenettdata. I modelleringsdelen vil vi starte med minste kvadraters metode, og vi vil fokusere på føresetnadene som oftast brytast ved bruk av romleg ordna data. Relevante testprosedyrar og skildrande statistikk som skal nyttast i valet av økonometrisk modell, vil bli presenterte. Deretter skal vi studere grunnleggjande romlege økonometriske regresjonsmodellar og tolkinga av desse. Vi skal òg studere korleis ein spesifiserer og estimera alternative romlege vektmatriser.
Læringsutbytte
Kunnskap
Ved fullført emne har studenten:
kunnskap om dei viktigaste trekkja ved bustader og bustadmarknadane frå eit samfunnsøkonomisk perspektiv.
kunnskap om korleis bustadmarknadane samhandlar med den større økonomien.
kunnskap om sentrale teoriar innan bustadøkonomi og viktige eigenskapar ved bustader og bustadmarknader.
kunnskap om verknader av sentrale statlege inngrep i bustadmarknaden.
kunnskap om sentrale eigenskapar ved romlege ordna data.
kunnskap om grunnleggjande deskriptiv statistikk brukt til å karakterisere romleg autokorrelasjon og romleg heterogenitet.
kunnskap om grunnleggjande romlege økonometriske modellar, korleis dei bør tolkast og når dei kan nyttast.
kunnskap om testar for romlege effektar og relaterte modellval.
grunnleggjande kunnskap om kart (grafiske representasjonar av geografisk informasjon) i form av vektorrepresentasjonar (punkt, linjer og polygonar).
ferdigheiter
Etter fullført emne skal studenten:
Kunne presentere og forklare hovudtrekka ved dei studerte bustadmodellane.
Kunne diskutere føresetnader, bruk og avgrensingar ved dei studerte bustadmodellane.
Kunne importere og eksportere digitale vektorbaserte kart.
Kunne installere relevant open kjeldekode-programvare.
Kunne manipulere kart ved hjelp av passande programvare.
Kunne gjennomføre romdataanalyse.
Kunne lage nabolagsinformasjonsstrukturar frå kart.
Kunne lage eigna romlege vegtmatriser frå desse nabolagsstrukturene.
Kunne køyre grunnleggjande romlege økonometriske modellar.
Kunne gjennomføre statistiske testar for å avgjere kva estimator som er best eigna for gitt datasett og forskingspørsmål.
Kunne tolke resultat frå dei estimerte modellane.
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studenten:
kunne lese og forstå vitskapleg litteratur som nyttar seg av omgrep og modellar som vert introduserte i emnet.
vere i stand til å bruke modellane i eigen akademisk arbeid, til dømes i ein empirisk masteroppgåve.
i stand til å nyttar programvare, estimatorar og metodar som vert presenterte i kurset i eigen akademisk arbeid, som til dømes ein empirisk masteroppgåve.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Fullført kurs i mikroøkonomi på bachelornivå. Kurs i økonometri på masternivå.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisinga skjer i ein kombinasjon av forelesningar, datamaskin- og dataøvingar og studentane sitt eige arbeid, som inkluderer oppsummering av vitenskaplege artiklar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane må levere inn éin skriftleg grupperapport i løpet av kurset for å kvalifisere seg til eksamen. Ei gruppe består av 2-3 personar.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.
Karakterskala: A-F, F er stryk.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen.
Meir om hjelpemiddel