Hopp til innhald

KUN808 Song og stemmebruk

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet vert ikkje tilbydd studieåret 2024/2025.

Stemma vår er eit av våre fyrste kommunikasjonsmiddel og mennesket sitt eldste musikkinstrument. Stemma er kroppsleg og personleg.

Song er ein ressurs i arbeidet med så vel fellesskap og demokrati som livsmeistring.

Emnet tek for seg song, stemmebruk og munnleg formidling i vid forstand, både med fokus på stemma som profesjonsreiskap og gjennom musikalske og dramatiske metodar i ulike faglege kontekstar.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten har kunnskap om

  • Stemma som profesjonsreiskap
  • Songteknikk
  • Stemmehelse, stemmeanatomi og vokal utvikling.
  • Song, samspel og munnleg kompetanse
  • Akkompagnement av song
  • Song som ressurs i arbeidet med fellesskap, demokrati og medborgarskap

Ferdigheiter

Studenten har ferdigheiter i

  • Song
  • Stemmepleie
  • Munnleg formidling
  • Leiing av song i ulike kontekstar
  • Digitale og elektroniske hjelpemiddel i arbeid med song og munnelg formidling

Generell kompetanse

Studenten kan

  • Byggje repertoar for bruk av song og munnleg formidling i ulike kontekstar
  • ulike tilnærmingar og arbeidsmåtar som inviterer og motiverer til deltaking til song/aktiv stemmebruk
  • reflektere rundt korleis song kan bidra til fellesskap og kulturforståing

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Erfaring frå arbeid med musikk og/eller drama, gjerne i undervisningskontekstar.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeid med praktiske aktivitetar på samlingar, arbeid i grupper, individuell rettleiing, praktiske utprøvingar, diskusjonsforum med erfaringsdeling, førelesningar, synkron og asynkron nettundervisning.

Obligatorisk læringsaktivitet

For å ha rett til å ta eksamen må alle obligatoriske læringsaktivitetar vere godkjent.

  • Praktisk utprøving av opplegg knytt til song og/eller stemmebruk med digital dokumentasjon og refleksjonsnotat. Gjennom denne obligatoriske læringsaktiviteten demonstrerer studentene en eller flere av læringsutbyteformuleringene i emneplanen.
  • Praktiske-metodiske læringsaktiviteter på samlinger.

Vurderingsform

Digital heimeeksamen i gruppe.

Podkast ca 15 min varighet, der gruppa diskuterer utfordringar og muligheiter knytt til song og stemmebruk.

Karakterskala: bestått/ikkje bestått.

Ved ikkje bestått kan studenten levere ny oppgåve ved neste høve, i gruppe eller individuelt.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt

Meir om hjelpemiddel