Hopp til innhald

LPT801 Laptop som prosjektstudio

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet skal gi studenten grundig opplæring i bruk av programvara Ableton Live på eigen laptop til å realisere kompetansemål i musikk for grunnskule, vidaregåande skule eller kulturskule. Læringsaktivitetar vil fokusere på å lage musikk gjennom å studere ulike metodikkar knytt til komposisjon og produksjon med digitale verktøy og med hjelp av akustiske instrument og lydkjelder. Emnet skal vektlegge samspelet mellom arbeidsmåtar i det analoge og det digitale domenet. På den måten vil studenten skape band mellom allereie opparbeidd kompetanse på eige instrument og dei muligheitene som Ableton Live tilbyr. Gjennom semesteret vil undervisninga vektlegge teknisk innsikt i Ableton sine mange funksjonar, samstundes som denne kunnskapen vert brukt i ein musikalsk innramming for musikalske føremål. Gjennom semesteret vil studenten skape 5-6 originale komposisjonar av ulik karakter.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande læringsutbyte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om kreative prosessar i lydstudio, og korleis desse har utvikla seg frå analoge teknologiar og fram til vår tids digitale praksisar kor laptopen er å rekne som eit personleg prosjektstudio.
  • kjenner til korleis ein moderne DAW (digital audio workstation) er bygd opp. Studenten kjenner til samspelet mellom ulike typar hardware- og software, og kan på ein kreativ måte utnytte dei funksjonane som denne forma for musikkteknologi tilbyr.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan komponere og produsere musikk på eigen laptop tilpassa dei mogelegheitene og avgrensingane som fins i det personlege prosjektstudioet.
  • kan spele inn og redigere musikk i formata audio og MIDI.
  • kan programmere musikalske forlaup, og automatisere parameter på ein musikalsk hensiktsmessig måte kan analysere og identifisere sjangertrekk og musikalske særtrekk og å bruke desse medvite i eigne produksjonar
  • kan designe og forme lyd frå akustiske og digitale kjelder, spelt inn på ulike lokasjonar
  • kan mikse lyd etter prinsippet om å plassere lyd i tre dimensjonar.
  • kan strukturere og organisere prosjekt i Ableton slik at desse opprettheld sin integritet og kan delast med andre i kollektive prosessar.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan på eiga hand og i fellesskap med andre legge til rette for og medverke i kreative prosessar som har som mål å produsere eit klingande resultat av høg kvalitet
  • kan på medvite vis utnytte dei funksjonane som finst i ein DAW til å oppnå eit intendert klingande resultat.
  • kan utforme undervisningsopplegg for ei konkret målgruppe der bruk av Ableton live vert gjenstand for grunnleggande didaktiske vurderingar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Studenten må ha eigen laptop med Ableton Live versjon 11 eller 12. Lydkort, mikrofon og headset, samt keyboard eller ein annan kontrollar, td Launchpad.

Undervisnings- og læringsformer

Individuelt sjølvstudium basert på faginnhald publisert som tekst og video, praktisk arbeid på eigen laptop, deltaking i diskusjonsforum, gruppearbeid, 1 time felles undervisning per veke i zoom/teams.

Gjennom semesteret skal studenten levere 12 oppgåver i form av klingande musikalske resultat som lydfil i mp3-format, refleksjonstekst samt skjermbilete som dokumenterer arbeidsprosessen på eiga maskin. I refleksjonstekstane vert det vektlagt at studenten diskuterer eigne musikalske val, grunngjeving av desse, samt refleksjon kring eigen læringsprosess.

Studenten skal delta aktivt i studiet sitt eige diskusjonsforum ved å poste/svare på spørsmål og å kommentere medstudentar sine arbeid på ein konstruktiv måte.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • 12 lydfiler
  • eit refleksjonsnotat (1000 ord)
  • arbeidsprosessdokument
  • deltaking i diskusjonsforum
  • gruppearbeid

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være godkjent for å få gå opp til eksamen.

Aktivitetane er gyldige i tre semester etter godkjenning.

Vurderingsform

Mappevurdering.

Vurderingsmappa består av:

  • 3 sjølvvalde innleveringar valt blant dei 8 fyrste
  • den siste innleveringa - prosjektoppgåva - som er av større omfang, levert som lyd-/ og eller videofiler.
  • refleksjonsnotat, omfang 1000 ord +-10%

Arbeida kan vere revidert etter tilbakemeldinga gjeve ved levering i læringsmappa. Dei tre delene vert vekta med ein tredjedel kvar.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Ved ikkje bestått vurderingsmappe, skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel