Hopp til innhald

TEK802 Tekstilkultur 2

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emne er eit samarbeid mellom HVL og Vestnorsk Kulturakademi.

Tekstilkultur 2 byggjer på Tekstilkultur 1 og her går ein djupare inn i tekstilfaget. Studiet set fokus på den immaterielle kulturarva, og ser på tekstil i ein nasjonal kulturvern-samanheng og i ein verdsarv-samanheng. I studiet får du kunnskap og praktisk erfaring med ulike tradisjonelle handverksteknikkar, samt med å plassere teknikkane i ein kulturhistorisk og samtidsmessig kontekst. Faget er forankra i tekstil-kunst, -design, -handverk, -industri, og tekstilt kunsthandverk fra ulike tider og kulturar. Den pedagogiske grunntanken er læring gjennom handling. Ved kvar samling vert det sett av tid til igangsetjing og rettleiing av semesteroppgåva. Oppgåva skal ha ein teoretisk og ein praktisk del, omhandle eit sjølvvald tema. Dette skal leggast fram fysisk til eksamen og forsvarast munnleg.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha fylgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har tileigna seg grunnleggjande kunnskap om relevante tekstile teknikkar, material og verktøy
  • har tileigna seg grunnleggande kunnskap om relevante aspekt ved tekstilfaget, og kan setje kunnskapen inn i ein nasjonal kulturvern- og verdsarv-samanheng
  • har tilegna seg grunnleggjande kunnskap om tekstile material i eit miljøperspektiv

Ferdigheiter

Studenten

  • har tilegna seg grunnleggjande erfaring med relevante tekstile teknikkar, material og verktøy.
  • kan anvende skisser og arbeidsprøver for å formidle eigen prosess
  • kan formidle om relevante aspekt ved tekstilfaget i både nasjonal kulturvern- og verdsarv-samanheng.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan knytte eige skapande arbeid til nasjonal kulturvern- og verdsarv-samanheng
  • kan reflektere rundt materialbruk i en miljømessig og global kontekst

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Tekstilkultur 1

Undervisnings- og læringsformer

  • Praktiske workshop
  • Forelesningar
  • Praktisk arbeid
  • Ekskursjonar
  • Faglige samtaler og diskusjonar
  • Rettleiing
  • Skriftlege oppgåver
  • Munnleg presentasjon

Tekstilkultur 2 er eit samlingsbasert emne som er fordelt på fem fysiske samlingar over to dagar gjennom eit semester. Det blir ei digital samling i tillegg til dei fysiske samlingene. Det meste av studiearbeidet under samlingane er lagt opp til praktisk arbeid, demonstrasjonar og veiledning, og forutset at studentane er fysisk til stades og tar aktiv del i læringsaktivitetane.

Studentane betaler kostnadar til læremiddel (formingsmateriale) i emnet (ca. 1000 kr). Om studentane vil arbeide i større format eller bruke andre materialer enn det skulen har på lager, må dei dekke dette sjølv. Kostnadar i samband med ekskursjonar må studenten dekke sjølv.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere gjennomført og godkjent før studenten kan gå opp til eksamen:

· Deltaking på samlingane (20% fraværsgrense).

Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftlig tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og mangler (1 gang) eller gjennomføre alternativ arbeidsaktivitet gitt av faglærer. Dato for nytt forsøk må vera i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.

Vurderingsform

  • Del 1: Semesteroppgåve (8 - 14 A4-sider med linjeavstand 1,5) som inkluderer eit eller fleire praktiske produkt. Produkta skal vere ein utforskning og forjupning av eit sjølvvald tema innan tekstilkultur. Semesteroppgåva skal sette produkta i ein teoretisk samanheng.
  • Del 2: Justerande munnleg eksamen med forsvar av semesteroppgåva og utstilling av praktiske produkt.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet.

Ved ikkje bestått på semesteroppgåva er det mogeleg å levere forbetra versjon påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny semesteroppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne.

Meir om hjelpemiddel