ØKB3133 Berekraft som konkurransefortrinn
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet har ikkje undervising vår 2025
Emnet siktar mot å utruste studentane med kunnskap og ferdigheiter for å utvikle berekraftige forretningsstrategiar og integrere desse i verksemda si drift. Emnet vil vere strukturert i fem delar, kvar fokusert på ulike aspekt av berekraft i ein forretningskontekst. Målet er å utvikle studentane si evne til strategisk tenking og handling innan berekraft, og gjere dei i stand til å forstå og anvende relevante konsept og verktøy for berekraftig forretningsutvikling.
Innhold
Det store, grøne bildet: Introduksjon til berekraft, global situasjon, Parisavtalen, FN sine berekraftsmål, sirkulærøkonomi og EU sin taksonomi.
Kartlegging av nåsituasjonen og viktigaste prioriteringsområde: Eksternalitetar, verksemder sin berekraftsprofil, vesentlegheitsanalyse.
Grøn veksttrappa: Seks steg til berekraft i verksemda, inkludert energi- og ressursbruk, og berekraftige forretningsmodellar.
Klimarekneskap, måling og berekraftsrapportering: Klimarekneskap, vitskapsbaserte klima- og naturmål, berekraftsrapportering.
Kommunikasjon, dulting og grøne synergiar: Effektiv kommunikasjon om berekraft, unngåing av grønvasking, industriell symbiose.
Læringsutbytte
Kunnskap:
Studenten har:
- Ei forståing av berekraft og den strategiske tydinga det har for verksemder.
- Innsikt i globale og lokale berekraftsutfordringar og -moglegheiter.
- Kjennskap til sentrale rammeverk og standardar innan berekraft.
Ferdigheiter:
Studenten har:
- Evne til å utarbeide og implementere berekraftstrategiar i verksemda.
- Kompetanse i å gjennomføre vesentlegheitsanalyse og berekraftsrapportering.
- Ferdigheiter i å kommunisere berekraft på ein engasjerande og autentisk måte.
Generell kompetanse:
Studenten har:
- Evne til å identifisere og utnytte berekraft som eit konkurransefortrinn.
- Forståing for korleis strategisk arbeid med berekraft kan auke ein verksemd si konkurransekraft.
- Kompetanse i å nytta berekraftsprinsipp i ulike forretningskontekstar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisning består av fire til fem samlingar med fokus på stor grad av interaktivitet. Undervisninga vil bestå av kombinasjon av forelesingar, samtalar/diskusjonar og oppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
1) Deltaking på undervisningssamlingane er obligatorisk.
2) Munnleg gruppepresentasjon av utkast til semesteroppgåva (25-30 min).
Vurderingsform
Semesteroppgåve 100%. Karakter: A - F. Språk: Engelsk. Gruppestorleik: 2-3 studentar.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- FØS8301 - Berekraftig forretningsutvikling - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- FØS8305 - Berekraft i praksis - Reduksjon: 2,5 studiepoeng