Hopp til innhald

ØKB3113 Bacheloroppgåve

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Bacheloroppgaven er eit fagleg fordjupande arbeid om eit tema innan det økonomisk-administrative fagområdet. Her skal studentane bruke kunnskap frå tidlegare kursog tileigne seg ny kunnskap for å finna svar på ei fagleg problemstilling med relevans for privat, ideell eller offentleg verksemd. Bacheloroppgåva omfatter vanlegvis ei empirisk undersøking, men kan òg vera ein litteraturstudie.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • har inngåande kunnskap om eit valt tema innan det økonomisk-administrative fagområdet
  • har kunnskap om forskingsprosessen og metodiske tilnærmingar knytt til eiget bachelorprosjekt.

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan planlegge, gjennomføre og dokumentere eit fagleg utgreiingsarbeid under rettleiing
  • kan formulere ei relevant problemstilling innanfor eit valt tema og drøfta denne i lys av empiri og/eller teori
  • kan finne, velje ut og bruka relevant teori, forskingsarbeid og faglitteratur og formålstenlege metodar for å svara på ei problemstilling
  • kan vareta relevante forskningsetiske omsyn

Generell kompetanse

Studenten:

  • Kan bruke sin kunnskap og tileigne seg ny kunnskap i løysinga av ei fagleg problemstilling.
  • Kan reflektere over eiga fagleg utøving, samarbeida med andre i eit prosjekt og nyttiggjere seg av rettleiing.
  • Kan formidle kunnskap både skriftleg og munnleg på ein fagleg, akademisk og etisk forsvarleg måte.

Krav til forkunnskapar

Studentane må ha minst 97,5 studiepoeng innan det økonomisk-administrativt fagområdet før oppstart av femte semester for å få skrive bacheloroppgåve. I tillegg må minst ein av dei to eksamensdelane i ØKB2124 Samfunnsvitenskapelige metode (eller tilsvarande) vera bestått.

Tilrådde forkunnskapar

Fullført alle obligatoriske 1. og 2. års emne

Undervisnings- og læringsformer

Studentene starter arbeidet med bacheloroppgaven hausten før innlevering av bacheloroppgaven den føljande våren. Det vert arrangert seminar og felles arbeidsøkter.

Bacheloroppgåva blir som hovedregel skrive i grupper på 3-4 studentar. Alle gruppene får en rettleier. Studentane og rettleier skal inngå avtale om rettleiingen.

Obligatorisk læringsaktivitet

Innlevering av prosjektskisse

Innlevering av prosjektplan

Innlevering av poster

Vurderingsform

Bacheloroppgåve i gruppe på 3 - 4 studentar.

Justerande munnleg eksamen. Gruppa får felles karakter.

Karakterskala A - F

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne

Meir om hjelpemiddel