BARNP513 Pasientsikkerheit, teknologi, og digital kompetanse i utøvande barnesjukepleia
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet omhandlar grunnleggande krav til utøvinga av barnesjukepleie og integrasjon av det teoretiske grunnlaget for barnesjukepleie. Emnet omhandlar fagutøving som krev samarbeid med brukar/pasient, pårørande og andre aktuelle yrkesgrupper med tanke på eit samanhengande tenestetilbod. Emnet legg vekt på korleis rammefaktorar kan verke inn på tenestetilbodet i spesialisthelsetenesta. Emnet omhandlar planlegging, kvalitetssikring, dokumentasjon og tverrfagleg samarbeid. Vidare blir det lagd vekt på kunnskap, haldningar og verdiar som sørger for at brukarar / pasientar får fagleg forsvarleg pleie og behandling, og at etiske og juridiske forhold blir ivaretatt. Emnet legg vidare vekt på meistring av legemiddelhandtering, medisinsk teknisk utstyr og dokumentasjonssystem.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
- har kunnskap og forståing for å hjelpe barn og deira pårørande til å mogne og meistreopplevingar og erfaringar som følge av sjukdom og sjukehusinnlegging
- har kunnskap om førebuing av barn og unge til undersøkingar, prosedyrer og behandling
- kan samhandle med barn og unge på deira premiss
- kjenner til handlingsalternativ ved omsorgsvikt eller barnemishandling
- har kunnskap om barn sine opplevingar, reaksjonar og behov ved akutt, kritisk og eller kronisksjukdom i eit fleirkulturelt perspektiv
- har avansert kunnskap om funksjon, kontroll, bruk og vedlikehold av avansert medisinsk teknisk utstyr
- har kunnskap om verknad /biverknad og administrering av medikament
Ferdigheiter:
Studenten …
- kan bidra i komplekse situasjonar innan barnesjukepleie og tilpassar sjukepleie til barnet sine spesielle behov, både til barn som blir akutt sjuke og barn med kronisk sjukdom og funksjonshemming
- kan stimulere til at barnet får dekka sitt behov for leik og samvær med venner tilpassa barnet sin alder og utvikling
- kan observere, vurdere og dokumentere barnet sin tilstand og endringar i tilstanden hos nyfødde barn, barn som er akutt sjuke og barn som lever med ein kronisk sjukdom
- kan identifisere etiske dilemma og vurdere handlingsalternativ som er knytt til alvorleg sjukdom og død, samt pasientar med kronisk sjukdom
- kan under rettleiing ta ansvar for, iverksette og evaluere relevante tiltak i utøvinga av heilskapleg sjukepleie til barn
- kan bruke relevante metodar for å sjølvstendig vurdere målgruppa sitt behov og, iverksette tiltak i forbindelse med sjukdomsforløpet
- kan ta initiativ til og reflektere over kunnskap om smitteførebygging og anvende hygieniske prinsipp
- kan saman med rettleiar gi pasient og pårørande tilpassa informasjon
- kan ta ansvar for sikker medikamentadministrering
- Kan administrere relevant medisinsk teknisk utstyr, og kan analysere digitale parametere opp mot kliniske funn
- kan bruke relevante metoder for å legge til rette for målgruppen i et komplekst høyteknologisk miljø
Generell kompetanse:
Studenten …
- kan planlegge og utøve sjukepleie til barn basert på kritisk vurdering av forsking, erfaringskunnskap og pasienten sine preferansar og behov
- kan gjere sjølvstendige kliniske vurderingar om sjukepleietiltak både med omsyn til undersøking, førebygging, og behandling
- kan gjere sjølvstendig kliniske vurderingar der brukaren sitt/pasienten sitt sjukepleietilbod sjåast i ein tverrfagleg samanheng og på tvers av tenestenivåa
- kan samhandle med pasientar/brukarar i ulike aldersgrupper, deiras pårørande og andreyrkesgrupper ved planlegging, organisering og utøving av tiltak i helsetenesta
- kan bidra til innsikt og kompetanse i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid slik at pasientensitt/brukaren sitt sjukepleietilbod blir samanhengande på tvers av tenestestader og nivå
- kan rettleie sjuke barn, deira pårørande og andre yrkesgrupper
- kan styrke tverrfagleg samarbeid i og utanfor institusjonen
- kan dokumentere, evaluere og kvalitetssikre eige arbeid
- kan bidra til at implementering og bruk av digitale verktøy og medisinsk utstyr er fagleg forsvarleg
- kan anvende kunnskaper og ferdigheter til å reflektere kritisk over teknologiens muligheter, begrensninger og juridiske rammer
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Bestått emne:
BARN510 - Barnesjukepleie som fag profesjon og organisasjon
BARN511 - Fysiologi, patofysiologi, farmakologi og barnemedisin i barnesjukepleia
BARN512 - Samhandling, fagleiing, kunnskapsbasert praksis og helsepedagogikk i barnesjukepleia
Undervisnings- og læringsformer
Praksisstudium med vekt på pasientsikkerheit, teknologi, digital kompetanse. Dagleg rettleiing frå i hovudregel ein barnesjukepleiar som bør ha rettleiarkompetanse. Ein fagperson frå utdanningsinstitusjonen bistår i pedagogiske spørsmål inkludert planlegging av læringsaktivitetar, rettleiingsmetodikk og evaluering. Klinikksamlingar og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Ei oppstartsamtale om læringsutbytte, ein midtvurderingssamtale og ein sluttvurderingssamtale.
- Deltaking i klinikksamlingar
Vurderingsform
Deleksamen: Vurderinga er todelt og begge delar må vere bestått for å bestå emnet.
Vurdering består av to delar:
- Del 1. Praksisstudium. Kriterier for skikkavurdering må være innfridd (https://www.hvl.no/student/skikkavurdering/). Det er krav om 90% tilstedeværelse.
- Del 2. Individuell skriftleg oppgåve. To studentar kan samarbeide om felles oppgåve, max 750 ord
Vurderingsuttrykk
Bestått/ikkje bestått
Ny eksamen
- Ved ikkje bestått praksis, del 1, må heile praksisperioden gjennomførast på nytt ved neste ordinære emnestart.
- Ved ikkje bestått oppgåve, del 2, må studenten skrive ei ny oppgåve til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel