Hopp til innhald

FAL852 Fysisk aktiv læring i folkehelse og livsmeistring

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet tek utgangspunkt i å fasilitere utviklingsprosessar i profesjonsfellesskapet knytt til folkehelse og livsmeistring og fysisk aktiv læring i skulen. Det blir lagt vekt på korleis dette kan bli ein berekraftig del av læraren og skulen sin undervisningspraksis.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studentane ha følgande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om forsking og teoretiske perspektiv på folkehelse og livsmeistring
  • har kunnskap om fasilitering av prosessar for erfaringsdeling og utvikling i profesjonsfellesskapet
  • har inngåande kunnskap om kva relevante styringsdokument seier om læring, danning og folkehelse og livsmeistring

Ferdigheiter

Studenten

  • kan arbeide i profesjonsfellesskapet med å utvikle læringsmiljø som ivaretar elevane si helse og livsmeistring
  • kan kritisk anvende kunnskap om å drive reflekterande utviklingsprosessar og erfaringsdeling om fysisk aktiv læring og folkehelse og livsmeistring i profesjonsfellesskapet

Generell kompetanse

Studenten

  • kan identifisere skulen sine behov innan fysisk aktiv læring og folkehelse og livsmeistring, og legge til rette for og leie utviklingsprosessar i profesjonsfellesskapet
  • kan bruke kunnskap om fysisk aktiv læring inn mot folkehelse og livsmeistring, og bidra til at det blir ein del av skulen sin undervisningspraksis
  • kan kommunisere faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor folkehelse og livsmeistring både til spesialistar, kollegaer i skulen og allment

Krav til forkunnskapar

Fullført FAL851, tidlegare kalla FAL801 og KRO805 (15 SP)

Tilrådde forkunnskapar

Har kjennskap til FALtastisk.no og e-læringen på denne nettressursen.

Undervisnings- og læringsformer

  • Arbeid med nettressursar, t.d. asynkrone videoar og litteratur
  • Fire obligatoriske nettsamlingar (zoom) på 90 min etter undervisningstid (kl. 1430-16.00)
  • Gjennomføring i eigen undervisningspraksis
  • Vurderings- og refleksjonsprosessar, individuelt og i gruppe

Obligatorisk læringsaktivitet

Gjennomføre fire obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) som mellomarbeid og førebuing til nettsamlingane. Dette inneber framlegging av arbeid på nettsamlingar og arbeid med praksisbaserte oppgåver (individuelt og i grupper) mellom samlingane.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester

Vurderingsform

Munnleg eksamen på nett (Zoom) i januar, ca. 20 min.

Vurdering: Greidd/ikkje greidd

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel