Hopp til innhald

LEI122 Eigedom og matrikkel

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet har tre hovuddelar: Eigedomshistorie, eigedomsregistreringssystema og system for eigedomsdanning.

Hovuddelen om eigedomshistorie tek opp den historiske utviklinga av eigedomsrett i Noreg, herunder også aspekt kring leige av eigedom. Gjennomgangen vil fokusere på forholda frå 1600-tallet og framover, og gjev kandidatane samansett kunnskap om samfunnsendringar og relevante rettslege reguleringar. Det vert også ei grundig gjennomgang av den eigedomshistoriske utviklinga av dei landsmatrikulære og bymatrikulære systema for eigedomsregistrering og danning av eigedom.

Eit felles mål ved gjennomgangen av dei ulike hovuddelane er å gje studentane ei grundig innføring i bruk av eigedomsregistreringssystema. Her vil ein også lære seg kva som er relevante kjelder, og korleis ein kan innhente desse. Kandidatane vil også lære å tolke eldre kart og dokument som er utarbeidd i samband med danning av eigedommar og bruksrettar.

Det vert også lagt vekt på gjeldande matrikkellov, med tilhøyrande matrikkel og matrikkelkart. Studentane vil også få ei forståing av gjeldande system for eigedomsdanning. Her vil kvaliteten på informasjonen i matrikkelen og matrikkelkartet være sentralt. Samla sett vil gjennomgangen av dei ulike delane i kombinasjon med praktiske øvingar gje kandidatane ei forståing for dei avgrensingar som informasjonen i matrikkelen og matrikkelkartet har med omsyn til kvalitet.

Undervisinga vert ein kombinasjon av førelesingar, øvingar og oppgåver. Studentane skal gjennomføre praktiske øvingar i å finne eigedomsgrenser ute i terrenget, og øve på å drøfte ulike formar for eigedomsanalysar. Dei obligatoriske innleveringane sikrar kontinuerleg framdrift trening i skriftleg presentasjon av eigedomsanalysar.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om sentrale omgrep i eigedomshistoria.
  • har kunnskap om kva dokumentasjon som er relevant å undersøkje i samband med eigedomsanalysar.
  • har kunnskap om korleis ein kan få tilgang til eigedomsinformasjon.
  • har kunnskap om tolking av eigedomsrelaterte kjelder som kart og dokument.
  • har kunnskap om reglar for eigedomsdanning.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke eigedomsregistreringssystema for å hente relevant dokumentasjon.
  • kan tolke kart og dokumenter.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan innhente og bruke relevant informasjon.
  • kan formidle faglege problemstillingar både skriftleg og munnleg.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

LEI100 Innføring i eiendomsfagene og LEI123 Grensegang, mekling og rettsfastsetting i 1. studieår.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, øvingar og utferder.

Obligatorisk læringsaktivitet

3 oppgåver må vera godkjend for å kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Ei skriftleg semesteroppgåve med ordgrense på 6000 ord.

Karakterskala A-F der F svarer til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate for arbeidet med semesteroppgåva, men den skal skrivast individuelt.

Meir om hjelpemiddel