UPED852 Fagdidaktisk fordjuping i universitetspedagogikk
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet består av eit sett 25 timars modular der deltakarane vel 5 modular slik dei sjølv vil. Modulane er ei fordjuping i tema som kan knytast til innføringsemnet HSPED801/UPED851. Dei fagdidaktiske modulane vert gjort tilgjengeleg for påmelding undervegs i studieåret.
For dei som skal dokumentere si utdanningsfaglege kompetanse er det tilrådd å velje modulen knytt til skriving av pedagogisk mappe. Der får deltakarane rettleiing på utvikling av ei pedagogisk mappe som er ein del av søknad om opprykk til fyrsteamanuensis og professor.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har avansert kunnskap om ulike didaktiske metodar for å planleggje og gjennomføre undervisning på
Ferdigheiter
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre, analysere og kritisk reflektere over FoU-basert undervisning og involvere studentar i FoU-baserte læringsprosessar
- kan velje, grunngje og vidareutvikle hensiktsmessige læringsaktivitetar og undervisnings- og vurderingsmetodar i forhold til faglege mål og utdanningsprogram
Generell kompetanse
Studenten
- har ein kritisk og analytisk haldning til undervisning og rettleiing, og kan bidra til fagleg og pedagogisk nyskaping gjennom utvikling av varierte undervisningsmetodar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
HSPED801/UPED851 - Innføring i universitetspedagogikk
Undervisnings- og læringsformer
Studentaktive læringsformer som diskusjon, gruppearbeid og kollegarettleiing, førelesing og sjølvstudium, digitale læringsressursar og fysiske og nettbaserte samlingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Deltaking på modular, totalt 100 timar.
Vurderingsform
Avsluttande skriftleg refleksjonsoppgåve etter 5 modular, 1000 ord +/- 10%.
Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel