ØKB2117 Entreprenørskap
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Introduksjon til entreprenørskap med fokus på forretningsideutvikling, gjennomføringsstrategi og utarbeiding av ein god verksemdbeskrivning i form av ein forretningsplan. Fokus på berekraftig entreprenørskap.
Læringsutbytte
Kunnskaper
Studenten:
- Kan gjere greie for kunnskap om forretningsidear, kundeverdi, marknad, etableringsprosessen, entreprenørielt sal, marknadsføring og finansiering av oppstartsbedriftar.
- Forstår verdien av og sammenhengen mellom kundeverdi og produkt/løysnng som grunnlag for ny verksemd.
Ferdigheter
Studenten:
- Kan formulere ein forretningsidé med tilhøyrande forretningsmodell og har kunnskap rundt realiseringa av desse.
- Har vidareutvikla formulerings-, framførings- og analytiske ferdigheiter knytta til fagområdet entreprenørskap.
Generell Kompetanse
Studenten:
- Kan bruke ei kritisk analytisk evne til å undersøkje bidrag av ulike roller i eit entreprenør-team i oppstarts-, små- og mellomstore bedriftar i ulike samanhengar.
- Kjennar til føremålet og logikken bak ein verksemsbeskrivning i form av ein forretningsplan og kan utarbeide denne.
- Kan relatera entreprenørskao til FN sine bærekraftsmål
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesing og gruppearbeid med rettleiing og milepælsoppfølgning. Utarbeiding og presentasjon av ein forretningsplan.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane får i oppdrag å komme opp med sine forretningsidear og utvikle denne gjennom utarbeiding av ein forretningsplan. Studentane skal levera eit utkast til forretningsplanen. Utkastet kan leverast anten individuelt eller i grupper på inntil 3 studentar.
Vurderingsform
Studentane skal levera ein forretningsplan. Forretningsplanen kan leverast anten individuelt eller i grupper på inntil 3 studentar.
Prosjekt, 100%
Karakterskala A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel