ØKB3113 Bacheloroppgåve
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Bacheloroppgaven er eit fagleg fordjupande arbeid om eit tema innan det økonomisk-administrative fagområdet. Her skal studentane bruke kunnskap frå tidlegare kursog tileigne seg ny kunnskap for å finna svar på ei fagleg problemstilling med relevans for privat, ideell eller offentleg verksemd. Bacheloroppgåva omfatter vanlegvis ei empirisk undersøking, men kan òg vera ein litteraturstudie.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har inngåande kunnskap om eit valt tema innan det økonomisk-administrative fagområdet
- har kunnskap om forskingsprosessen og metodiske tilnærmingar knytt til eiget bachelorprosjekt.
Ferdigheiter
Studenten:
- kan planlegge, gjennomføre og dokumentere eit fagleg utgreiingsarbeid under rettleiing
- kan formulere ei relevant problemstilling innanfor eit valt tema og drøfta denne i lys av empiri og/eller teori
- kan finne, velje ut og bruka relevant teori, forskingsarbeid og faglitteratur og formålstenlege metodar for å svara på ei problemstilling
- kan vareta relevante forskningsetiske omsyn
Generell kompetanse
Studenten:
- Kan bruke sin kunnskap og tileigne seg ny kunnskap i løysinga av ei fagleg problemstilling.
- Kan reflektere over eiga fagleg utøving, samarbeida med andre i eit prosjekt og nyttiggjere seg av rettleiing.
- Kan formidle kunnskap både skriftleg og munnleg på ein fagleg, akademisk og etisk forsvarleg måte.
Krav til forkunnskapar
Studentane må ha minst 97,5 studiepoeng innan det økonomisk-administrativt fagområdet før oppstart av femte semester for å få skrive bacheloroppgåve. I tillegg må minst ein av dei to eksamensdelane i ØKB2124 Samfunnsvitenskapelige metode (eller tilsvarande) vera bestått.
Tilrådde forkunnskapar
Fullført alle obligatoriske 1. og 2. års emne
Undervisnings- og læringsformer
Studentene starter arbeidet med bacheloroppgaven hausten før innlevering av bacheloroppgaven den føljande våren. Det vert arrangert seminar og felles arbeidsøkter.
Bacheloroppgåva blir som hovedregel skrive i grupper på 3-4 studentar. Alle gruppene får en rettleier. Studentane og rettleier skal inngå avtale om rettleiingen.
Obligatorisk læringsaktivitet
Innlevering av prosjektskisse
Innlevering av prosjektplan
Innlevering av poster
Vurderingsform
Bacheloroppgåve i gruppe på 3 - 4 studentar.
Justerande munnleg eksamen. Gruppa får felles karakter.
Karakterskala A - F
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne
Meir om hjelpemiddel