Hopp til innhald

ØAF104 Rettsvitskap 2

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Faget gir ei fordjuping i rettsleg metode og dette brukast på næringsrelaterte rettsområde som maritim rett, energirett, familierett, sivilprosess og strafferett.

Det fokuserast på korleis spørsmål reises og kva for ei heimel som nyttast for å finne ei forsvarleg rettsleg løysning.

På kvart av dei næringsrelaterte rettsområda finnes det detaljregulering, og denne må ofte tolkast saman med meir generelle rettsreglar.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Ha ei grundig forståing av juridisk metode og dens bruk
  • Kjenne til detaljregulering på utvalde forretningsrelaterte rettsområde
  • Vite om dei meir generelle rettsreglane

Ferdighet

  • Løse praktiske juridiske problemstillingar innafor emnets tema
  • Svare på juridiske teorispørsmål innafor emnets tema

Generell kompetanse

  • Ha eit bevisst forhold til den beskytting rettsreglane i privatrettslege sammenhengar gjev
  • Evne til å bruke både detaljregulering og generelle rettsreglar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Hovudtyngda av undervisninga består av forelesingar og oppgåveløysing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Skriftleg skoleeksamen, 5 timer. Eksamen kan verte avheldt på digitalt eksamenssystem.

Tid og stad for eksamen verte opplyst på Studentweb.

Karakterskala A-F, der F tilsvarer ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovdata Pro i generell eksamensmodus

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ØBR107 - Rettslære og skatt - Reduksjon: 2,5 studiepoeng