Hopp til innhald

BARN310 Velferd, samhandling og barnevernfagleg prosjektarbeid

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

I dette emnet skal studentane tileigne seg kunnskap om korleis institusjonar og organisasjonar i velferdssamfunnet samhandlar med, og påverkar levekåra til barn, unge og familiar. Med fokus på velferd og folkehelse, lokalt, nasjonalt og/eller globalt, skal studenten tileigne seg verdiar, kunnskapar, innsikt og ferdigheiter, og forstå dette i samanheng med det barnevernfaglege kunnskapsgrunnlaget i tverrsektorielt samarbeid.

Gjennom prosjektarbeid i gruppe skal studentane tileigne seg kunnskap og ferdigheiter i deltakardemokratiske metodar, kommunikasjon, samskaping, utviklingsarbeid og innovasjon. Studentane skal jobbe i tett samarbeid med praksisfeltet/organisasjonar/brukarorganisasjonar og brukarar i nasjonale og/eller internasjonale kontekstar. Utveksling og internasjonalt samarbeid vil her vere eit mogleg fokusområde. Gjennom prosjektarbeidet vert studentane utfordra på å forstå rolla si og å fremja barnevernfaglege kunnskapar, verdiar og etiske aspekt. Prosjektgruppene skal gjennomføre ei undersøking ved kartlegging og datainnsamling med mål om tenesteforbetring og/eller eit endringsarbeid.

Studentar skal vere i prosjektpraksis i 6-8 veker.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgene totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse

Kunnskap: Studenten …

  • har brei kunnskap om korleis barnevernpedagogen skal forstå og arbeide for at barn, unge og familiar i ein utsett livssituasjon opplever auka tryggleik, inkludering, læring og meistring i kvardagen
  • har brei kunnskap om førebyggjande arbeid på individ-, gruppe- og samfunnsnivå med utgangspunkt i barnets beste
  • har brei kunnskap om menneskerettar og barnekonvensjonen og kan knyte dette opp mot praksisfeltet dei gjennomfører prosjektarbeid i
  • har brei kunnskap om prosjektteori, prosjektplanlegging, prosjektorganisering og prosjektleiing
  • har kunnskap om utviklingsarbeid, nytenking og innovasjonsprosessar med relevans for prosjektarbeidet
  • har kunnskap om tverrfagleg, tverretatleg og tverrprofesjonelt nasjonalt og eller globalt samarbeid i utviklingsarbeid
  • har kjennskap til samarbeidsdriven innovasjon (co-production)
  • har brei kunnskap om korleis ulike instansar kan legge til rette for brukarmedverknad på tvers av kontekstar og ulike kulturar
  • har brei kunnskap om etiske teoriar knytt til prosjektarbeid og barnevernfaglig arbeid

Ferdigheiter: Studenten...

  • kan nytte prosjektarbeid som arbeidsform
  • kan anvende kunnskap og kompetanse til å initiere eit prosjekt med relevans for barnevernsfeltet, og kunne kople dette til tverrfagleg samarbeid
  • kan anvende kunnskap til fagutvikling, kvalitetsforbetring og tenesteinnovasjon
  • kan presentere resultat av prosjektarbeid både skriftleg og munnleg
  • kan reflektere over brukermedverknad i prosjektarbeid og barnevernfagleg arbeid generelt

Generell kompetanse: Studenten...

  • kan planlegge, gjennomføre, grunngje, evaluere og dokumentere barnevernfagleg prosjektarbeid saman med andre
  • har kompetanse i samarbeid og kommunikasjon i gruppe
  • har innsikt i forsking- og utviklingsarbeid innan fagområdet, samt metodar for systematisk innhenting av erfaring og kunnskap frå barn, unge, familiar, praksisutøvarar og/eller organisasjonsmedarbeidarar
  • har innsikt i relevante faglege- og etiske problemstillingar i barnevernfaglig yrkesutøving

Krav til forkunnskapar

Alle emne første og andre studieår må vere bestått.

Undervisnings- og læringsformer

I dette emne vert det lagt vekt på studentaktive undervisnings- og arbeidsformer, førelesingar, seminar, rettleiing, og sjølvstendig arbeid i grupper med prosjektarbeid. Gruppene skal vere på 4 - 5 studentar. Alle grupper får tildelt ein rettleiar. Nærvær på rettleiing av prosjektarbeidet er obligatorisk. Grupper som gjennomfører prosjektarbeid utanfor Noreg får digital rettleiing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Krav om deltaking på rettleiing av prosjektarbeidet (digitalt for studenter ute).
  • Prosjektplan for prosjektarbeidet. Omfang 1000 - 1500 ord. Innlevering gruppevis.
  • Seminar der prosjektgruppene legg fram prosjektarbeida for kvarandre

Vurderingsform

Del 1: Skriftleg gruppebasert oppgåve. Omfang 4000 ord, +/-10%.

Alle i gruppene skal bidra til eit felles produkt, og det vert gjeve felles karakter. Oppstår det tvil om ein eksamenskandidat har bidratt tilstrekkeleg til å få utteljing for eit felles produkt, skal dette dokumenterast frå alle gruppemedlemene og emneansvarleg. Høgskulen kan gjere vedtak om at eksamenskandidaten skal reknast for ikkje å ha møtt under eksamen. Studenten må då levere ei ny oppgåve til ny eksamen.

Ny eksamen: Ved karakter F, leverer gruppa omarbeidd prosjektoppgåve

Del 2: Individuell munnleg eksamen

Bokstavkarakter A-F (F er ikkje greidd)

Ved neste ordinære eksamen må heile emne takast på nytt.

Hjelpemiddel ved eksamen

Hjelpemiddel ved eksamen:

Gruppeoppgåve - alle hjelpemiddel.

Individuell munnleg eksamen - ingen hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel